«Om ein set opp vindmøller på ulovleg grunnlag skal dei òg takast ned»

Portrett Peter Alvsvåg

Peter Alvsvåg (23)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Vindmøllene på Fosen er ein kniv i samane sitt lår. Det blør, og kjem ikkje til å stoppe så lenge det einaste staten gjer er å rose demokratiet utan å handle.

Staten respekterer din rett til å demonstrere og seie ifrå om kniven dei har stukke hardt inn i låret ditt. Det er fint med eit demokrati der folket kan få ytre sine meiningar og bekymringar, men for å imøtekomme desse førespurnadane må ein vente og fundere.

Nei, eg kan ikkje berre ta ut kniven og sende deg på sjukehus for å få orden på såret eg skar i deg, det er meir komplisert enn det. Du skjønner at dette ikkje er så enkelt, ikkje sant? Likevel er det fint. Det er fint at du protesterer på kniven, på kor vondt han gjer, kor vondt han har gjort, og kor mykje verre det vil bli. Det er bra for demokratiet.

Kniven har eg halde i låret ditt ei stund no. Og du fortel at det gjer vondt, at det verker og svir. Dette har ikkje eg eit forhold til, for meg ser det ut som ei praktisk knipe. Her kan me saman sjå på moglegheita for å la kniven stå i låret, tenker eg. Såret vil vel til slutt gro att. Om ikkje det lar seg gjere må me kanskje flytte deg frå kniven, slik at me ikkje skadar bladet?

Korleis det skal funke er eit godt spørsmål, kanskje me kan sette ned ein kommisjon som kan sjå på denne problemstillinga. Og om det heller ikkje ber fram med gode resultat, kanskje me då kan diskutere korleis kniven kan fjernast frå låret ditt, og kanskje til og med få sendt deg til sjukehuset. Men det er ei stund til det alternativet er på bordet.

I mellomtida er det bra du ytrar deg. Det er fint at du får seie meininga di om den blodige kniven eg held fast på. Ytringsfridommen er livsnødvendig. Diverre er vindmøllene viktigare.

Men før eg kan ta tak i saka må eg forhøyre meg. Staten har nemleg eit møte i morgon der me skal diskutere dette ytterlegare. Er du invitert? Nei, ikkje eigentleg. Men sidan du lagar så mykje styr skal eg vel la deg få komme på eit eller to møte, så lenge du sluttar å blokkere våre departement, slik at me kan fortsette å ignorere Fosen-dommen. Men hugs at det er bra du ytrar deg, og gjer deg sjølv høyrt, det er sunt for demokratiet.

Staten har eit ansvar å følgje opp Fosen-dommen ordentleg. Denne saka handlar ikkje om korleis ein best kan kome til eit kompromiss, som staten kanskje ønsker å tru. Det handlar om at staten må rette seg opp og stille seg sjølv ansvarleg overfor sitt eige rettssystem og folket, på lik linje med kva ein kvar norsk borgar må.

Om ein byggjer hus på ulovleg grunnlag må det takast ned, om ein set opp vindmøller på ulovleg grunnlag skal dei òg takast ned. Staten respekterer dykkar rettar som demonstrantar til å veldig tydeleg uttrykke kva synspunkta dykkar er, men dei respekterer ikkje kva de seier.

Staten har tråkka grovt feil ved Fosen, og har ei stor søle å vaske opp. Den søla blir ikkje lettare å vaske opp om det einaste ein gjer er å gå med museskritt medan ein rosar demonstrantar sin rett til ytringsfridom.


Elle Nystad er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N). Foto: Edith Meek Allern