Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein skal aldri møte heltane sine, men George Saunders verkar såpass hyggeleg at eg kanskje kunne tatt sjansen.

Forfattar Maria Horvei funderer på kva forfattar – daud eller levande – ho ville invitert på middag.

Sjølv har ho gjeve ut romanen Gratulerer med dagen, der ho stiller spørsmål ved nasjonalkjensla. I debutromanen følgjer vi feiringa av 17. mai i ei lita vestlandsbygd gjennom auga til fire karakterar.

No er Maria Horvei ein av tre nominerte til Tarjei Vesaas’ debutantpris, som vert delt ut 18. mars.

Elles er kvardagen er fylt med litteratur både på jobben som redaktør for omsett litteratur i Aschehoug og på fritida.

– Eg pendlar med ferje mellom Oslo og Nesodden, noko som gjev meg ein fin liten lesetime på fjorden kvar dag. Elles er det sofaen på kveldstid, då. Og føre skjermen på kontoret, men det er strengt tatt ikkje tilrådeleg med mindre du får betalt for det.

Med den mengda lesetid vert det litt under to bøker i veka, som vert i underkant av 100 bøker årleg.

Vi har kika i bokhylla til forfattaren:

Essay og sjølvbiografiar

The Tongue Set Free er det første av dei tre binda som utgjer Elias Canetti sin sjølvbiografi.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Nattbordet mitt er faktisk ein stabel med bøker, men øvst ligg fyrste bind i nobelprisvinnar Elias Canetti sin sjølvbiografi, The Tongue Set Free.

Horvei fortel at ho eigentleg ikkje likar å lese fleire bøker parallelt, men med denne boka les ho eit kapittel eller to om gangen, når ho er mellom andre bøker.

– Bind to og tre ligg lenger ned i bunken, og kjem nok til å fylle same funksjon etter kvart.

– Kva bøker les du helst?

– Eg les temmeleg breitt, både i samband med jobb og på privaten, men når eg står heilt fritt har eg ei viss slagside mot essayistikk og all slags litteratur med eit sjølvbiografisk tilsnitt.

Forfattarane ho set spesielt høgt meiner ho er briljante både som romanforfattarar og essayistar, forklar Horvei. Ho meiner dei kan kunsten å bruke eg-et som ei utviding heller enn ein avgrensing av horisonten.

– Som til dømes Virginia Woolf, Natalia Ginzburg, Elizabeth Hardwick, Joan Didion, Eve Babitz, George Saunders, Jeanette Winterson, Annie Dillard, Ali Smith, Olivia Laing – med fleire.

Boka som fekk Maria Horvei til å grine er: I Am, I Am, I Am av Maggie O'Farrell. Den som fekk ho til å le var: Historien om min seksualitet av Tobi Lakmaker. Horvei vart sint av Om könets existens av Kajsa Ekis Ekman, og boka One Day I Will Write About This Place av Binyavanga Wainaina fekk ho til å tenkje.

Mellombels Harry Potter-depresjon

Maria Horvei vart lesen mykje til, då ho var liten. Kvaliteten på bøkene varierte, men forfattaren er ein tilhengar av å lese mykje for barn uansett.

– Så lenge det å lese er forbunde med glede, vil ein fort nok finne fram til bøker som er gode nok. Roald Dahls SVK er eit gyllent høglesingsminne for min del, men eg hugsar òg dei harde kampane for å få mor mi til å lese Disney-utgåva av Den lille havfruen for førtiande kveld på rad.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg var elleve då den fyrste Harry Potter-boka kom på norsk, og 18 då siste bind kom ut på engelsk. Så å seie alle tenåra mine gjekk med andre ord med til å vente på ei ny Harry Potter, og kvar gong denne var lesen ut, gjekk eg inn i ein mellombels depresjon.

Endå det var Harry Potter-bøkene som gjorde sterkast inntrykk i tenåra, så las Horvei mandre andre òg. Ho vil ikkje hevde smaken hennar var særleg original, men ho pløgde gjennom bøker frå Jens Bjørneboe, Lars Saabye Christensen og Nick Hornby.

I tillegg las ho mykje krim og litt sci-fi.

– Eller, eigentleg berre Haikerens guide til galaksen, i tillegg til – og dette er kanskje litt originalt – absolutt alt anna av Douglas Adams. Og Tolkien, så klart, han sto og står framleis svært høgt i kurs, seier Horvei og held fram:

– Jane Austen oppdaga eg diverre ikkje før eg hadde bikka tjue, noko eg framleis er ganske snurt over – alle burde lese Jane Austen når dei er sånn ca. 17, og eg er sikker på at eg ville vore eit betre og klokare menneske om eg sjølv hadde gjort det.

Forfattaren som fortener eit større publikum

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Det er mykje eg skulle ynskje eg var i stand til å skrive, men eg kan ikkje kome på ei einaste bok eg beundrar som ikkje spring ut frå forfattarens personlege erfaringar, kombinert med det unike historiske augeblikket boka vart skriven i. Det er liten vits i å ynskje at eg hadde skrive Store forventninger, for å seie det slik.

Horvei er forlagsredaktør, og seier at det som gjer ei bok god, varierer frå verk til verk. Men likevel ser ho at evna ein forfattar har til å finne dei rette orda til det ein ynskjer å formidle har ein tendens til å stå sentralt.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Undervurdert er kanskje feil ord å bruke, men Eve Babitz var ein periode ganske gløymt som forfattar, og når ho no er oppdaga på nytt meiner eg ho fortener eit endå større publikum. Anna Kleivas nydelege omsetting av Late dagar, ville netter er ein god stad å starte.

Eve Babitz si bok Slow days, fast company: the world, the flesh, and L.A. kom i norsk språkdrakt i 2022. Foto: Mirandi Babitz/Cappelen Damm. Omslag: Cappelen Damm

Woolf eller Shakespeare

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Eg identifiserte meg ikkje med Min kamps Karl Ove i eitt og alt, men i mykje. Elles er det nok Virginia Woolf som har stått for mine sterkaste augeblikk av identifikasjon, men det har mindre med karakterane å gjere, og meir med korleis ho skildrar medvitet.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Ai. Virginia Woolf, eller Shakespeare. Det ville vorte eit tomt liv (og arbeidsledig, ikkje minst), men desse er vel dei som hadde fylt mest opp.

Foto: John Taylor/Offentleg eigedom, George Charles Beresford – Filippo Venturi Photography Blog/Offentleg eigedom

Om hennar eigen roman Gratulerer med dagen nokosinne vert gjort om til film, har Horvei klare tankar om kven som bør spele dei fire hovudkarakterane.

– Eg tenker at ein Herbert Nordum som på mirakuløst vis hadde tileigna seg perfekt vestlandsdialekt kunne ha spelt den unge akademikaren Birger. Den lett mistilpasse barneskulelæraren Bjørg kunne vore spelt av ei Liv Bernhoft Osa som på mirakuløst vis såg litt meir ordinær ut, og dottera hennar Laila av … Nei, ho må eg kome tilbake til. Den stridslystne forfattaren Arnold ville så klart blitt gestalta av Jon Eikemo.


Sara Hjardar debuterte nyleg med si første bok, ein illustrert grøssar for barn. Foto: Story House Egmont

Fakta

Namn: Maria Horvei
Alder: 34
Frå: Voss
Utdanning: Master i kunsthistorie
Yrke: Forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur i Aschehoug.