Bokmelding: Og forresten heter jeg Leah – ein svært fengande og personleg roman

Og forresten heter jeg Leah er ei nydeleg forteljing om kjærleik, sex, venskap, familie, og det å elske seg sjølv. For kan ein eigentleg bli glad i andre, om ein ikkje er glad i seg sjølv?

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

Sex. Noko som kan vere så fint, så nært, men samstundes så sårbart. Men er eigentleg sex noko meir enn noko ein kan gi, for å føle seg elska tilbake? For finst det nokon annan måte å kjenne seg elska, når ein er eit uhell mellom to foreldre, som absolutt ikkje ville ha eit barn saman?

I Elida Karos roman Og forresten heter jeg Leah, er dette realiteten for hovudpersonen Leah. For kva er vel eit menneske utan anerkjenning i oppveksten?

«Og forresten heter jeg Leah»

Forfattar: Elida Karos

Forlag: Aschehoug

Sjanger: Samtidsroman

Sider: 337

 

Ei historie om å søke anerkjenning

Leah har sidan ho var eit barn levd eit liv prega av one-night-standen foreldra hennar hadde, den natta ho blei skapt. Det å ha ein far, som har ein annan familie i Polen, og ei mor, som stadig har med nye menn heim om kveldane, det formar eit barn, kanskje meir enn ein skulle tru.

Trass i at foreldra til Leah er glade i henne, så har ho heile barndommen og ungdommen søkt anerkjenning hos andre. Og måten ho har gjort dette på? Ho har følgt i mora sine fotspor.

Forteljinga om Leah blir fortald som ei dagbok, som tar utgangspunkt i lista over alle ho har lege med, noko som gjer forteljinga enda meir sår.

Ein samtidsroman med personleg vri

Og forresten heter jeg Leah er ei bok som skil seg litt ut frå andre samtidsromanar. Ved å fortelje historia gjennom hovudpersonen si dagbok, i all hovudsak sentrert rundt hovudpersonen sine seksuelle relasjonar, blir boka svært eigen, og kan bidra til at lesaren kjenner seg enda nærare handlinga.

Men samstundes som boka er relativt eigen, så gjer ikkje dette handlinga i boka urealistisk. Gjennom vakre skildringar og bruk av humor, set ho lys på ei rekke menneskelege problem som antakeleg pregar fleire enn ein skulle tru. Tematikk som venskap, familie, og det å finne seg sjølv står sentralt i boka, noko som gjer at ho kan appellere til ei svært stor målgruppe.

Og forresten heter jeg Leah er ei bok for deg som har eit anstrengt forhold til din eigen barndom, for deg som ynskjer å forstå andre menneske betre, og for deg som har møtt på doplangaren du låg med for nokre år tilbake, mens du har diaré utanfor kyrkja der den gamle norsklæraren din blir gravlagt.