Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den boka eg har lese klart flest gongar er Love, Nina av Nina Stibbe, og eg har framleis aldri møtt nokon andre som har lese ho, fortel Maren Skolem (31).

Omslag: Aschehoug

Nyleg romandebuterte manusforfattaren med ungdomsromanen Hva jeg gjorde med pengene.

Brevet til Medietilsynet

Hva jeg gjorde med pengene er utforma som eit langt brev til Medietilsynet der 20 år gamle Johanne forklarar kva ho har brukt dei 80.000 kronene ho fekk i kulturstøtte til.

Johanne har reist på europaturné med bandet «Ask for October» for å beskytta veslesystera Aina, som har lagt ut på turné med vokalisten Torjus. Ho har fått støtte til å skrive om turnéen, men har ikkje skrive eitt ord.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Om du med «nattbordet» meiner på golvet ved sida av senga (eg har berre budd i leilegheita mi i to år, sjølvsagt har eg ikkje nattbord enno!): Feminin gange av Molly Øxnevad og Death and the Penguin av Andrej Kurkov.

Kva bøker les du helst?

– Samtidsromanar og klassikarar og fantasy og YA (young adult red.anm.) og sci-fi og alt som dreier seg om mytologi, osb, osb. Det er jo fint å like mykje forskjellig, problemet er berre at det gjer det vanskeleg for folk å seia, «åh, den boka er typisk Maren», så eg har ikkje fått bøker til jul eller bursdag på minst ti år, sjølv om det er det einaste eg ønskjer meg.

Kor les du?

– Hovudsakleg på t-banen og i senga.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Mamma las alltid mykje for oss, mellom anna Astrid Lindgren, Jostein Gaarder og Tove Jansson. Og så las ho Momo, eller Kampen om tiden! Den gjorde veldig inntrykk.

Mor til Maren Skolem las mellom anna Astrid Lindgren og Jostein Gaarder for ho i oppveksten. Foto: Ukjend og Heike Huslage-Koch

– I tillegg hugsar eg godt at ei av farmor sine venninner las Drømmen om Narnia for meg som premie for at eg klarte å sitja (relativt) stille under Risør Kammermusikkfestival. Eg synest lesing som premie er heilt glitrande barneoppseding, 10/10 til farmor si venninne!

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Dei inderlegaste kjenslene kom med dei mest alvorlege bøkene, sjølvsagt, men eg var veldig glad i å lesa bøker eg syntest var morosame, og det var som regel dei eg enda med å lesa flest gonger.

Alvor: Danseren av Colum McCann, Boktyven av Markus Zusak

Humor: Alt av P.G. Wodehouse, Haikerens Guide til Galaksen, Muleum av Erlend Loe

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Hmm, det må vel kanskje bli Muleum av Erlend Loe? Eg elskar kor lettlesen, morosam og tilgjengeleg ho er om noko så alvorleg, vondt og sårt. Den balanseøvinga der er ein kunst!

– OG: American Gods av Neil Gaiman! Det er den mest ambivalente leseopplevinga eg har hatt, trur eg, for eg elska ho så mykje og var så FORTVILA over at han «brukte opp» konseptet mytologi-fanfiction-crossover.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– At eg merkar at det er ei bok som vil noko. Ei god bok vil seia deg noko eller gjera noko med deg eller få deg til å føla noko, læra deg noko, underhalda eller trøysta, og om ho gjer det ved å insistera eller ved å ta deg varsamt i handa og leia deg på riktig veg, skrika til deg eller klø deg bak øyret og få deg til å le, det er likegyldig – ho må berre villa noko.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Vi er jo ulike på det meste, men hovudkarakteren i Rachel Cusks Outline-trilogi har ein måte å interessera seg for framande og deira historier på som eg kjenner meg veldig att i.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Det kjem an på. Lagar eg maten? For då ryk ein god del av alternativa (alvorleg tala, eg kan ikkje laga dei dølle glutenfrie pannekakene mine til Oscar Wilde eller Tolkien, liksom.) Kanskje Rachel Bloom?

– Ho er jo mest kjend for å skriva for og spela i tv-seriar, så sånn sett er det kanskje litt feil svar, men ho er forfattar, og eg har ikkje hatt så lyst til å bli nokon sin bestevenn sidan eg var ti og overtydde meg sjølv om at det einaste som skulle til for eit evig venskap mellom Emma Watson og meg var eit tilfeldig møte på eit offentleg toalett (ho ville elska meg for at eg lånte ho ein tampong). (Dette var før eg hadde tampongar, eg veit verkeleg ikkje korleis denne planen skulle ha fungert.)

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Astrid Lindgren, kanskje? Ho har noko for eit kvart høve og eit kvart humør.

Kven skulle spelt hovudrollene om boka di vert filmatisert?

– No har eg i løpet av dette intervjuet skrive meg inn i ei draumeverd der kva som helst går an (eg skreiv American Gods! Daude forfattarar kjem på middag! Boka blir filmatisert!), så då tillèt eg meg også å drøyme fram ei røynd der både Kristine Kujath Thorp og Sophie Elise er ti år yngre og kan spela Johanne og Aina.


Erika Fatland har for tida stor suksess med romanen «Grensen» der ho skildrar dei 14 landa som har grense til Russland. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Maren Skolem

Alder: 31

Frå: Bærum

Utdanning: Forfattarstudiet i Bø og Tromsø, manusforfattarlinja ved Den Norske Filmskolen

Yrke: Manusforfattar for film og tv

Tal på lesne bøker i året: Det varierer veldig. Eg får sånne leseraptusar der eg les mange bøker på rappen, og så går det plutseleg ein månad der det nærmaste eg kjem prosa er tweets.