UiS og UiA har fått klarsignal til å utdanne advokatar

Sakkunnigkomiteen i Nokut har godkjent søknadene til Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder om å opprette masterprogram i rettsvitskap.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Stavanger (UiS) søkte Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) om løyve til å opprette eit masterprogram i rettsvitskap hausten 2021. Universitetet i Agder (UiA) har også søkt om godkjenning av det same masterprogrammet.

No har begge universiteta fått tommel opp for å starte eit masterprogram i rettsvitskap.

Det skjedde etter at Stortinget endra gradsforskrifta for mellom anna juss. Dei to universiteta kan dermed søkje Kunnskapsdepartementet om å etablere utdanningane.

Fornøgd gjeng ved UiS

– Vi er strålande fornøgde med vurderinga til komiteen. Vi ser fram til å tilby eit spennande studium med høg relevans og kvalitet. Det er fantastisk at vi no kan utdanne advokatar og dommarar i Stavanger. Dette har mykje å seie for studentane, fagmiljøet, universitetet og byen, seier dekan Ola Kvaløy ved Handelshøgskulen ved UiS i ei pressemelding.

Også rektoren ved utdanningsinstitusjonen i Stavanger er strålande fornøgd etter den nye Nokut-vurderinga.

– Vi er glade for at Nokut stadfestar at juss-utdanninga vår har høg kvalitet. Dette viser at UiS er i stand til å møte viktige samfunnsutfordringar på utdanningssida, seier rektor Klaus Mohn.

Gratulasjon frå tilsynsdirektøren i Nokut

Sommaren 2022 fekk UiS avslag, medan dei no fekk godkjenning frå Nokut.

– Eg vil gratulere UiA og UiS. Begge har vist at dei oppfyller alle nødvendige krav for å kunne opprette master i rettsvitskap, seier tilsynsdirektør Nina Waaler i Nokut på nettsidene til det nasjonale organet.

Komiteen har også gitt UiA og UiS tilrådingar om korleis dei kan utvikle utdanningane vidare.