Studiestøtte-protest: Vil hjelpe studentar å jukse

Gründeren bak Utdanna.no fortel at talet på førespurnader har eksplodert.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før helga dukka det opp ein noko uvanleg jobbannonse på Finn.no.

Nettsida Utdanna.no søkjer etter konsulentar som vil skrive oppgåver for VGS-elevar og studentar.

Målet med tenesta er ifølgje annonsen å få regjeringa til å knytte studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, som i dag er rundt 167 000 kroner i året.

«I lang tid har du som student ikke blitt hørt eller sett. Du har blitt regelrett ignorert av politikerne. Derfor, når tradisjonelle virkemidler ikke fungerer, må man kreve sin rett. Det gjør vi nå», heiter det i annonsen, som no er fjerna frå jobbplattforma.

Det var Khrono som først omtalte saka.

Utdanna.no har karaktergaranti. Her frå stillingsutlysinga på Finn.no. Skjermbilete

Har eksplodert for Utdanna.no

Framtida.no har vore i kontakt med mannen bak tenesta, Ole Norbert Jansen. Han viser til det han måndag uttalte til VG i ei sak om Utdanna.no.

Til avisa forklarar han at formålet med selskapet er å setje lys på dei sosiale ulikskapane blant studentar.

– I Noreg har utdanning vore for alle, men dei siste åra så har den sosiale kontrakten blitt brote utan konsekvensar. Utdanning er ikkje noko som skal vere reservert for dei ressurssterke, men dei siste åra har det blitt sånn.

På spørsmål frå Framtida.no om kor mange som har meldt seg til å skrive oppgåver og kor mange som har vist interesse for å kjøpe oppgåver, svarar Jansen at han ikkje har tal på det for handa, men at det har eksplodert etter medieoppslaget.

– Det er over all forventing, skriv han i ein sms til Framtida.no.

Skjermdump Utdanna.no

Juridisk rådgjevar kritisk

På nettsida fastslår Utdanna.no at tenesta dei tilbyr er 100 prosent lovleg. Til VG opplyser gründeren at han har avklart alt juridisk, og at advokatar har avklart at det er lovleg å produsere akademiske dokument.

– Det som ikkje er lovleg er å levere det som sitt arbeid, seier han til avisa.

Juridisk rådgjevar ved Handelshøyskolen BI Anita Tøien peikar på at å nytte slike tenester kan få alvorlege konsekvensar for både seljar og kjøpar. Ho er òg kritisk til motivet bak.

– Det verkar som om nokon prøver å tene pengar under dekke av å kalle det ein politisk aksjon, seier ho til Khrono.

Ole Norbert Jansen seier til Khrono at ei standard oppgåve på 2000 ord vil koste om lag 2000 kroner.

NSO: Ikkje einige i verkemiddelet

NSO-leiar Maika Godal Dam. Foto: Sjalg Bøhmer Vold/NSO

– Vi ser alvorleg på fusk og er derfor ikkje einige i verkemiddelet utdanna.no tar i bruk, men problemet aksjonen løftar deler vi! Studentane er frustrerte og utolmodige, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Maika Marie Godal Dam til VG.

Også prorektor ved NTNU Marit Reitan synest det er uetisk å tilby eller nytte eit produkt som skal bidra til juks.

Ho opplyser at konsekvensen for å bli tatt for det, vil vere annullert eksamen og utestenging i eitt eller to semester.

Ole Norbert Jansen seier at han vil ta ned nettsida med ein gong politikarane innfrir kravet om å auke studiestøtta til 1,5 G.