Norsk idrett set strøyming av breiddeidrett på pause etter MyGame-bråket
Norsk idrett har bestemt seg for å gjere grundige undersøkingar i saka og set igangsette prosjekt med MyGame i aldersbestemte klassar på pause.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det opplyser dei involverte forbunda i ei felles pressemelding.
– Idretten ønskjer å vere heilt trygge på at strøyming av breiddeidretten i aldersbestemte klassar skjer innanfor trygge rammer. Vi vil no gjere grundige undersøkingar av uavklarte spørsmål og risikoforhold, mellom anna det som er løfta fram i media den siste tida, seier generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund.
Avgjerda er teken etter samtalar mellom dei involverte forbunda og partnarane fredag.
Det er Norges Håndballforbund, Norges Ishockeyforbund, Noregs Bandyforbund, Noregs Volleyballforbund, Noregs Basketballforbund, Norges Fotballforbund som deltek i prosjektet.
Må ha betre faktagrunnlag
I pressemeldinga heiter det at det fram til no har vore «ulike leverandører, lite koordinering og usikkerhet rundt håndteringen av personvern».
– Norsk ishockey har mange gode erfaringar med strøyming av breiddeidretten. Det er også viktig å ta inn i debatten dei positive effektane som auka engasjement og sportsleg utvikling gjennom nye digitale verktøy gir for breidda i norsk idrett, seier generalsekretær Ottar Eide i Norges Ishockeyforbund og held fram:
– Vi erkjenner likevel at vi må ha eit betre faktagrunnlag, slik at vi kan vere trygge på at strøyming kan gå føre seg i trygge rammer for dei unge sjølve.