Måling: Ein av fire har opplevd rasisme i Oslo
Ein av fire personar med fleirkulturell bakgrunn i Oslo seier i ei undersøking at dei har opplevd rasisme dei to siste åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei undersøking InFact har gjort for NRK.
Ifølgje NRK svarer dei fleste at dei har opplevd rasisme på fleire arenaer: På arbeidsplassen, bustadmarknaden, i kollektivtrafikken, på byen og på open gate.
Sju av ti svarer at dei ikkje har varsla nokon om det dei har opplevd.
18 prosent svarer at dei har opplevd rasisme på arbeidsplassen. Éin av ti svarer at dei har opplevd rasisme på bustadmarknaden. I tillegg svarer éin av ti at dei har opplevd rasisme på open gate.
Telefonundersøking
Undersøkinga vart gjort som ei telefonundersøking i Oslo.
– Vi har trekt ut tilfeldige telefonnummer over heile byen og ringt og stilt desse spørsmåla. 1.544 personar i heile byen vart kontakta, seier Knut Weberg, fagansvarleg i InFact.
Av desse svarte 317 at dei var fleirkulturelle og det er desse 317 som har svart på spørsmål om å vere fleirkulturelle i Oslo. Det var opp til dei som svarte å definere kva gruppe dei var i.
– Det er ein maksimal feilmargin på 5,5 prosent. Men det skal ikkje ha noka betydning for tolkinga av svara i denne undersøkinga, seier Weberg.