Åtte av ti studentar opplevde drikkepress under fadderveka
På spørsmål om dei følte at det var forventa at dei skulle drikke alkohol i fadderveka, svarte åtte av ti «ja» i ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga er utført av Respons Analyse på oppdag for DNT – Edru Livsstil, skriv Khrono.
Prosjektleiar Bo-Nicolai Gjerpen Hansen i DNT-edru Livsstil meiner talet reflekterer kor normalt alkohol har blitt i kulturen vår, og spesielt i studentmiljøet.
Drikkekulturen er størst under fadderveka, men også elles i studietida opplever studentar drikkepress. Fire av ti oppgir at dei har drukke alkohol utan å ønskje det.
– Når vi møter ein tilfeldig ung vaksen i dagens Noreg, antek vi at han drikk alkohol. Dette er ei forståeleg antaking når fleirtalet faktisk drikk. Likevel bidreg desse tankane til å heve terskelen for å seie nei. Ein må stikke foten fram og bryte ei forventning, seier Gjerpen Hansen til Khrono.
Har du opplevd drikkepress?
Har du opplevd drikkepress?
Mange oppgir at det går bra å ikkje drikke
Samtidig er det også mange i undersøkinga som oppgir at det gjekk bra å ikkje drikke alkohol.
På spørsmålet: «Korleis opplevde du at ditt val om å avstå frå å drikke alkohol under fadderordninga blei mottatt?», svarte heile 51 prosent «verken eller/nøytralt». 14 prosent opplevde at det vart positivt motteke, og 11 prosent fekk ei negativ mottaking.
- Les også meiningsinnlegget: «Det er på tide at alkoholdebatten også når påverkarar-miljøet»