Høg sysselsetjingsgrad blant unge vaksne med høgare utdanning i Noreg
Blant OECD-landa er det unge, høgt utdanna i Noreg som har høgast sysselsetjingsgrad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sett i samanheng med alle OECD-landa (Organisasjonen for Økonomisk Samarbeid og Utvikling) er det unge i Noreg som har den høgaste sysselsetjingsgrada.
Det fann den årlege OECD-rapporten frå 2021.
- I Noreg var 91 prosent av 25-34-åringar med ei bachelorgrad i arbeid.
- Av dei med master er det 95 prosent som er i arbeid.
Det kjem fram i ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Andre land i rapporten er mellom anna Sverige, Danmark, Nederland og Austerrike.
Til samanlikning var det 86 prosent av 25-34-åringar med bachelorgrad i Sverige og 83 prosent i Danmark som var sysselsette.
- Les også: 10 gode rutinar til studiekvardagen
Låg utdanning, låg sysselsetjing
Blant nordmenn i aldersgruppa 25-34 med vidaregåande utdanning var det 84 prosent av dei som var sysselsette. For dei med grunnskuleutdanning fann undersøkinga at 64 prosent var sysselsette.
Dei unge vaksne med lågare utdanningsnivå er i mindre grad i arbeid, viser undersøkinga. Det er eit mønster som går att i fleire land.
Den høge sysselsetjingsgrada i Noreg kan koma av at den norske arbeidsmarknaden har betra seg betrakteleg sidan andre halvår i 2021.
Les også: Håkon (18) er konsernsjef – drøymer om å gjenskape Internett