Språkrådet ber om samla ordbokpolitikk
Språkrådet ber Kulturdepartementet ta eit politisk initiativ for å forme ut «ein samla ordbokpolitikk i Noreg for dei neste tiåra».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I eit tolv sider langt brev til Kulturdepartementet (KUD) skisserer rådet kva det meiner bør vere innhaldet i ein samla ordbokpolitikk. KUD har nyleg svart, blant anna ved å spele ballen tilbake til Språkrådet med ei oppfordring om å komme med konkrete forslag og vurderingar.
Styreleiar i Språkrådet Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen peikar på fire prioriterte tiltak.
Det første er at det blir utvikla gode og nyttige ordbøker også etter at det store prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir fullført etter planen i 2014. Dette verket i tolv bind dekkjer nynorsk og dialektane.
LES OGSÅ: No får du Norsk Ordbok på nett
Språksamlingar
Dernest peiker Språkrådet på at det trengst eit vitskapleg ordbokverk også for bokmål, og at både dette og Norsk Ordbok må haldast ved like og vere komplett tilgjengelege i digital form. Det Norske Akademis store ordbok er under arbeid, men har førebels ikkje fått store nok løyvingar til å bli fullført.
Det tredje punktet på prioriteringslista til Språkrådet er ein plan for å bevare og vidareutvikle dei språksamlingane som i dag finst ved universiteta. Her uttrykkjer Språkrådet uro fordi arbeidet med desse samlingene – blant anna stadnamnsamlingane – ikkje blir prioriterte av universiteta i same grad som tidlegare.
I det fjerde punktet peikar Språkrådet på at dersom dei statlege løyvingane til ordboksarbeid også etter 2014 blir omtrent på same nivå som i dag, kjem vi raskt til å merke forbetringar i dokumentasjonen av språk i Noreg.
LES OGSÅ: Kan du over 100 ski-ord?
Minoritetsspråk
I brevet til KUD peikar Språkrådet spesielt på udekte behov for tospråklege ordbøker mellom norsk og dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes (dei to språka til romfolket). Det same gjeld blant anna ordbøker mellom nyare minoritetsspråk som polsk, somali og arabisk, og ordbøker mellom dei skandinaviske nabospråka.
– Språkrådet meiner det er store udekte behov for tospråklege ordbøker, særleg for språk som manglar omfattande leksikalsk dokumentasjon frå før: dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, heiter det i brevet til Kulturdepartementet. (©NPK)