Rings of Power og Lord of the Rings-stjerner: – Fantasy har aldri vore fullstendig kvit
Allereie før premieren reagerte nokre høglytte kritikarar på at Midgard no rommar meir mangfald enn tidlegare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verda vår har aldri vore fullstendig kvit, fantasy har aldri vore fullstendig kvit, Midgard er ikkje fullstendig kvit. BIPOC høyrer heime i Midgard og dei er her for å bli.
Det skriv skodespelarane i The Lord of the Rings: The Rings of Power i ei fellesutsegn onsdag. BIPOC står for «black, indigenous, people of Colour».
Dei tek eit oppgjer med den utrøyttelege rasismen, trugslane, trakasseringa og hatpraten som ikkje-kvite skodespelarar tilknytte serien har vorte utsette for på ein dagleg basis.
– Vi nektar å ignorere det eller å tolerere det, skriv dei.
Innboks full av hat
Allereie før Amazon Prime-serien hadde premiere, møtte castinga reaksjonar: nokre var misnøgde med at Midgard hadde vorte meir inkluderande sidan sist gong Tolkien-verda var på skjermen.
Kritiske røyster meinte serien hadde vorte for «woke», og at Rings of Power ikkje gjengav Midgard slik Tolkien ville.
Puertoricanske Ismael Crus Córdova spelar alven Arondir i serien, og er ein av skodespelarane som har fått gjennomgå av rasistar for å ta plass i Tolkien-universet.
Dei siste to åra har innboksen hans vore full av hat nesten kvar einaste dag, fortalde han Esquire tidlegare i september. Córdova har drøymt om å spele alv sidan han var liten, men han såg ikkje seg sjølv representert i Peter Jackson sine filmtolkingar av Tolkien:
– Når eg sa «eg vil vere ein alv», så sa folk «alvar ser ikkje ut som deg», fortel skodespelaren til TIME.
Når han høyrde om rolla som Arondir i Rings of Power, så kjendest det ut som han vart kalla.
#Youareallwelcomehere
Heller ikkje stjernene frå den opphavlege Lord of the Rings-filmtrilogien aksepterer rasismen og hatet som har vorte retta mot Rings of Power-skodespelarane.
Elijah Wood, Dominic Monaghan og Billy Boyd – som spelte høvesvis hobbitane Frodo, Merry og Pippin – har lagt ut bilete saman på Twitter, med beskjeden «de er alle velkomne her» skrive på alvespråk.
You Are All Welcome Here @LOTRonPrime @DonMarshall72 #RingsOfPower https://t.co/8txOhlHa2f pic.twitter.com/nWytILT0zG
– Elijah Wood (@elijahwood) September 7, 2022
Den same bodskapen deler Sean Astin, som spelte Sam, på capsen sin.
- Visste du at den nye Ringenes Herre-serien er dyrare enn USA sitt budsjett for å utforske månen? Serien er venta å verte den dyraste i historia