Kina: Endra Minions-slutt for å gjere han meir politisk korrekt

Kinesiske styresmakter meinte anti-heltane i filmen ikkje kunne sleppe unna med lovbrot.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.08.2022 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvaring: Saka inneheld plottblottar for den nyaste Minions-filmen.

Nyleg hadde animasjonsfilmen Minions: Historien om Gru premiere i Kina. Men det kinesiske publikummet får ein annan slutt på soga om den gryande storskurken Gru, enn resten av verda.

Kinesiske styresmakter har nemleg endra slutten, slik at den er meir politisk korrekt, melder Reuters.

Det var TV 2 som først omtalte saka i Noreg.

Slepp ikkje unna – sjølv i animerte filmar

Minions-filmen tek føre seg oppvekstsoga til Gru, hovudkarakteren i Grusomme meg-universet.

Den internasjonale versjonen endar med at Gru og mentoren hans Wild Knuckles rir inn i solnedgangen saman: Dei har makta å lure politiet og iscenesett sistnemnde sin død.

Men i den kinesiske versjonen slepp ikkje antiheltane unna med udådane sine.

Ifølgje skjermdumpar frå kinesiske kinogjengarar, endar filmen med at Wild Knuckles vert arrestert av politiet og må sone 20 år bak lås og slå. Han nyttar så sine teatralske ferdigheiter til å starte ei teatergruppe i fengsel.

Gru på si side «returnerte til familien sin», og «hans største bragd er å vere far til sine tre døtrer.»

Ville sensurere Top Gun

Det er ikkje første gong Kina har sensurert filmar dei meiner viser upassande innhald.

Tidlegare i år kravde styresmaktene at storfilmen Top Gun: Maverick skulle sensurere vekk det taiwanske flagget frå jakka til hovudrolleinnehavar Tom Cruise. Hollywood-filmen heldt likevel på flagget då filmen vart sleppt.


Foto frå den komande Lightyear-filmen. © 2021 Disney/Pixar. All Rights Reserved.