KrFU-leiar går mot moderpartiet i abortspørsmål

Leiaren i ungdomspartiet til KrF, Hadle Rasmus Bjuland, ber partiet om å gi opp kampen mot abortloven.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv VG.

Leiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland, meiner partiet har vore utydeleg i abortspørsmål, som han påpeiker er eit sentralt tema for veljarane deira. Han vil at dei skal stå inne for fri abort fram til 12. veke.

Det er ei stor vending frå partiet sitt standpunkt i 2017. 

– Vi har i abortsaka vore meir opptekne av ro på landsmøtet enn ei programformulering som er tydeleg, seier han til avisa.

Det politiske programmet til eit parti er det som viser kva partiet står for, og kva dei prøve å få til dersom dei blir valt. Programmet blir vedteken på eit landsmøte.

Vil verne om lova

KRF ønsker å erstatte abortloven som eksisterer i dag med ein mindre liberal lov, men har ikkje konkrete forslag til alternativ.

I dag er det lov å ta abort fram til fosteret er 12 veker gamalt, eller fram til det er 18 dersom ei gruppe med medisinske fagfolk godkjenner det. Bjuland meiner partiet heller bør fokusere på å verne om denne loven, slik at han ikkje blir meir liberal.

Han meiner dette også vil tydeleggjere for veljarar kvar KRF står i abortspørsmål.


Demonstrantar samla seg framfor høgsterett dagen retten til abort etter grunnlova vart oppheva. Foto: Ted Eyton/ Flickr/CC BY-SA 2.0