Dobling av jenter som vel bygg- og industrifag i Møre og Romsdal
Frå 2018 til 2022 har det vore ei dobling av jenter som vel bygg- og industrifag i Møre og Romsdal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2018 var jenter 6 prosent av søkjarane til bygg- og anleggsteknikk i vidaregåande skule i Møre og Romsdal. I 2022 er 20 prosent av søkjarane jenter, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm seier det er ei gledeleg utvikling.
– Det er viktig for oss at elevane vel ei utdanning og ein yrkesveg som dei er motiverte for og vil trivast med, uavhengig av om det er flest jenter eller gutar på utdanningsprogrammet dei søkjer på. At fleire jenter vel utradisjonelt, betyr at vi på kan bryte ned tanken om «jentefag» og «gutefag», seier Flovikholm.
Ho meiner at ungdommane sjølve er dei viktigaste rollemodellane for andre ungdommar.
Også for teknologi og industrifag har det vore ein auke i delen jenter som søkte, frå 12 prosent i 2018 til 18 prosent i 2022.
It og medieproduksjon har gått frå 10 prosent i 2020 til 24 prosent i 2022.
- Les også intervjuet med Rhine (17) som drøymer om å arbeide på ubåt: – Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør, og fordi dei ikkje vil skilja seg ut