Grøne plantar kan betre psykisk helse
Dei siste åra har populariteten til grøne inneplantar eksplodert. Dette kan vise seg å styrkje den psykiske helsa til eigarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei som hadde plantar rundt seg hadde høgare smerteterskel, betre konsentrasjon og mindre stress.
Det viser ein studie som nyleg vart publisert i det vitskaplege tidsskriftet Environmental Research and Public Health, ifølgje Forskning.no.
Når deltakarane i studien hadde plantar rundt seg, hadde dei høgare smerteterskel og klarte å halde lenger ut med hendene i iskaldt vatn. Dei hadde òg auka konsentrasjon og hugsa betre – og var mindre stressa.
Lauranie Suyin Chalmin-Puy er forskar ved University of Sheffield. Ho har ikkje vore med i arbeidet med den nye studien, men trekkjer han inn i eit innlegg ho har skrive om plantar og velvære i The Conversation.
– Det å ikkje ha tilgang på natur, kan ha mange slags effektar på helsa vår. Det er kopla til symptom på depresjon og angst, astma, hjarte- og karsjukdom og dårleg immunforsvar.