Dei sjølvlærte planteentusiastane er aktuelle med Gro – en håndbok om grønne inneplanter og deler sine ni beste tips.
mm

– Det er veldig lite som skal til før du får litt meistringskjensle. Du må gjere ein eigeninnsats på nokre timar og når du kan litt, så kan du eigentleg ganske mykje, seier Jenny Solem Vikra.

Ho er ein av gründerane bak det skandinaviske plantemagasinet GRO, som no er aktuelle med Gro – en håndbok om grønne inneplanter.

Her deler dei sjølvlærte planteentusiasjane sine beste tips til nybyrjarar:

  1. Start med lettstelte plantar!

Plantar med tjukke blad er mykje lettare å halde i live enn plantar med tynne blad, som til dømes bregner.

Topp tre lette plantar:

  • Gummifiken – Ficus elastica
  • Kinesisk pengeplante, misjonærplante – Pilea peperomioides
  • Vindusblad – Monstera deliciosa
Marte Espevik med ein kinesisk pengeplante eller misjonærplante (Pilea peperomioides). Foto: Andrea Nøttveit
  1. Finn ut kva planten heiter!

Når du skaffar deg ein plante er det lurt å Google eller slå opp planten. Slik finn du ut kva planten treng for å overleva.

  1. Ha ein fast vatnedag

Dødsårsak nummer ein plant norske plantar er drukning, men uttørking er òg farleg. Med ein fast vatnedag hugsar du lettare å gje plantane væska dei treng. Hugs å vatn meir om sommaren og mindre om vinteren.

  1. Mykje ljos

Skaff deg plantelys om vinteren, for dei fleste hus og leilegheiter har for lite lys. Hugs at dei fleste plantane i norske heimar eigentleg kjem frå varmare og meir solrike område.

Plantar kan òg verte deppa av lite ljos om vinteren. Ein gummifiken (Ficus elastica) med kompaktlysrør Airam. Foto: Gromagasinet.no
  1. Pott om!

Når du kjøper plantar i butikk eller på hagesenter har dei ofte dårleg jord og torv. Plantane blir stressa av å bli flytta og tatt på, så dei bør få ei veke til å venne seg til det nye miljøet først.

Potteplantar veks ikkje berre oppover og det er lurt å gje plantane meir rom enn dei har når dei kjem frå butikken. Foto: gromagasinet.no
  1. Gjødsel

Grøn plantemiks er heilt topp. Du finn det på blomster- og matvarebutikkar og treng ikkje noko meir fancy enn det.

  1. Sjå opp for skadedyr!

Når du kjøper nye plantar er det spesielt viktig å sjekke at det ikkje kjem med skadedyr som ullus, skjoldlus, spinnmidd, trips og hærmygg, som kanskje er det vanlegaste. Har planten med ubedne gjester må han i karantene, og det er betre å kaste enn å setje tilbake. Tiltak som flogepapir eller neemolje kan ta knekken på uvesena.

  1. Snakk med mødrer, bestemødrer (og fedrar)

Her er det mykje kunnskap å hente. I tillegg kan du kanskje få med deg stiklingar og avleggjarar, som gjer hobbyen billegare.

Ranveig (90) er ei av planteeigarane som er portrettert i magasinet GRO. Ho løfta fram den tidlause klassikaren Alpefiolen som sin favoritt. Foto: Gromagasinet.no
  1. Få deg ein god vatnevenn

Legg ein plan for feriane, slik at du slepp å byrja på nytt etter du har vore borte i 14 dagar.

 

Bokaktuelle Marte Espevik (t.v) og Jenny Solem Vikra jobbar til dagleg i designstudioet Minsk, som òg er basen for plantemagasinet GRO.

Kommentarar

ANNONSE