Fekk statsråd på frukostbesøk

Mindreårige flyktningar fekk minister på besøk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk statsråd på frukost

I Volda har dei busett 27 mindreårige flyktningar dei siste tre åra. Alle har vore innom Smilebakken bufellesskap. Dit kom også barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV) på besøk søndag.

– Det er litt tidleg, kanskje?

Inga Marte Thorkildsen stiller morgonfrisk i bufellesskapet. Klokka er halv ni søndags morgon. Det er ikkje akkurat kvardagskost for ungdomane i huset å stå opp på denne tida på ein søndag. Men i dag har dei teke sats frå senga for å ete frukost saman med statsråden og lokale SV-politikarar.

– I Volda har vi fått busetjinga av mindreårige flyktningar til å fungere veldig godt, og difor er det kjekt å få vise det fram for dei som sit på kontora i Oslo, seier Ingrid Opedal som er 1.-kandidaten til SV i Møre og Romsdal.

LES OGSÅ: – Me må lytte til borna!

Ein god barndom
18 år gamle Sayed Jawad Karimi frå Afghanistan har førebudd nokre spørsmål til statsråden. Kva meiner ho er viktig for#<p>Noreg, og kva vil ho gjere for innvandrarane? Norsken har byrja å feste seg. Sayed har vore i Noreg i eitt år.

Inga Marte Thorkildsen stiller seg skulerett.

– Det viktigaste, meiner eg, er å ta godt vare på barna. Ein god barndom varer heile livet. Det du opplever i barndomen vil prege deg som vaksen. Barn skal oppleve tryggleik, glede og kjærleik, og dei skal kjenne at dei er verdifulle, svarar ho.

Når det gjeld integrering er statsråden oppteken av barn og kvinner sin situasjon.

– Og eg vil at alle, kvinner og menn, skal lære seg norsk og at alle skal klare seg i Noreg. At dei finn noko å gjere og at dei kan delta i samfunnet gjennom arbeid og vener.

Og diskriminering og rasisme vil ho til livs.

– Vi må få vekk slike haldningar. Om folk får møtest og verte kjende med kvarandre, då mister folk også dei dårlege haldningane.

LES OGSÅ: Asylborna med alvorleg melding

Intenst
I Volda kommune har dei gjort vedtak om å busetje fem mindreårige flyktningar i året. Til no har dei altså busett 27, og i bufellesskapet er det til ei kvar tid mellom 8–9 ungdomar. No er hovudtyngda gutar frå Afghanistan. Nokre har vore her i eitt år, andre berre nokre månader.

Dei som jobbar der kan jobbe både to og tre dagar i strekk, før dei har fri i ei veke.

– Det kan vere intenst, men det er viktig for dei unge å ha stabile rammer og ikkje for mykje folk som kjem inn og ut, seier Sindre Monsholm, som har leiaransvaret saman med Ina Eikrem.

Når ungdomane har budd lenge nok i bufellesskapet, får dei hjelp til å finne seg eigen bustad i kommunen. Deretter får dei oppfølging, heilt til dei ein dag kan stå fullt og heilt på eigne bein.

– Er det lett å verte integrert i lokalsamfunnet, spør statsråden.

 – Det er utfordrande, seier Monsholm.

– Det kjem an på fritidsaktivitetar og skule. For dei som går på norskkurs er det naturleg nok vanskelegare fordi dei stort sett møter berre andre flyktningar og innvandrarar. For dei som er i norsk skule er det litt enklare.

Ressurssterke unge
Thorkildsen legg ikkje skjul på at ho ønskjer å halde fram i regjering i fire nye år. Ho vil satse vidare for å gi tettare oppfølging av einslege mindreårige flyktningar.

– Eg vil ha meir barnekompetanse i faget. Dette er unge med ressursar i seg. Det må vi ikkje gløyme. Det er lett å berre sjå på dei som offer. Dei kan fort hamne mellom to stolar. Og eg vil ha tettare oppfølging. Dette er unge som kan bere med seg mykje bagasje.

Ungdomane i Smilebakken bufellesskap har også draumar om framtida.

– Eg vil verte mekanikar. Eller sjukepleiar, seier Sayed.

Blant dei andre er der også potensielle snikkarar og ingeniørar. I Volda har dei måtte starta på nytt.

– Men det er ein fin plass. Eg er glad for å vere her, seier Sayed.

Leiar i Smilebakken bufellesskap Sindre Monsholm, 1.-kandidat for SV Møre og Romsdal, Ingrid Opedal og politisk rådgjevar i barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Kine Sperre Horsbøl.

Les saka i Møre-Nytt!