– Me må lytte til barna!

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne boka blei avgjerande

Kva skjønnlitterær bok har du lese som har påverka det politiske standpunktet ditt eller verdiane dine i størst grad?

–"Huset med den blinde glassveranda" av Herbjørg Wassmo.

Kvifor akkurat den boka?

– Boka tek opp temaet incest. Eg las ho då eg gjekk på ungdomsskulen. Boka var med på å gjere meg engasjert i arbeidet mot vald og overgrep mot barn, og lærte meg mykje om temaet. Det engasjementet har eg den dag i dag, seier Thorkildsen.

Korleis har du som politisk person hatt høve til å påverke relevante politiske prosessar på det tematiske feltet som boka handlar om?

– Eg har vore politisk aktiv sidan midten av 90-talet og jobba mykje med temaet vald og overgrep, særleg mot kvinner og barn. Eg har fått vore med på ei rekke viktige endringar, både gjennom arbeidet som stortingsrepresentant og som barneminister.

Kva vil du drage fram som spesielt viktig i så måte?

– Noko av det eg er mest stolt over å ha vore med på, er å ha lagt til rette for at barn kan bli høyrd i større grad. På Stortinget fremja eg forslag med stortingsrepresentant May Hansen (SV) om å etablere barnehus i Noreg. Barnehusa skal sørgje for at barn og ungdom som har vore utsett for eller vitne til vald eller seksuelle overgrep skal få hjelp og behandling på ein stad. Det er etablert 8 barnehus i Noreg, og i løpet av året kjem to til. 

– På Stortinget tok eg også initiativ til Stortingets barnerettsgruppe, som fungerte i fem år og samarbeida med Redd Barna om å arrangere Barnas spørjetime, der barn sjølv fekk kome til orde og stille spørsmål til statsrådar. 

– Me må lytte til barna! slår Thorkildsen fast.

SV-statsråden meiner det er utruleg viktig at ein plasserer ansvaret for valden der det høyrer heime – hos valdsutøvaren. Difor foreslo ho i 20013 ei ordning med omvendt valdsalarm, og fortel at ho òg har vore med på å etablere ein gratis døgnopen telefon for incestoffer.

– No jobbar eg med Regjeringas strategi mot vald og overgrep mot barn, som snart er ferdig, held ho fram. 

For mange unge veljarar framstår kanskje det å lese ei skjønnlitterær bok som både irrelevant og lite spanande. Korleis skal unge kunne inspirerast til å lese?

– Eg trur det er viktig for leselysten at barn får oppleve at foreldre og andre vaksne les for dei frå dei er små. I tillegg er gode skule- og folkebibliotek avgjerande for å sørgje for at alle barn har tilgong til bøker. Så meiner eg det er særs viktig at elevar får velje kva bøker dei har lyst til å lese, sånn at dei får leselyst og leseglede før det blir pøst på med pensumlitteratur, avsluttar Thorkildsen.

Først publisert i Magasinett!

Faktaboks

Fullt namn: Inga Marte Thorkildsen
Alder: 37
Parti: SV
Fødestad: Stokke
Utdanningsbakgrunn: Mellomfag i religionshistorie og statsvitenskap
Visste du? Har tidlegare jobba som frilansjournalist i Tønsberg Blad