– Eg tenkjer på Ivar Aasen kvar dag
Forfattar Kristin Fridtun har bada i nynorsk det siste året. Hennar nye bok skal læra nynorsk til dumskallar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Tenkjer på Ivar Aasen kvar dag
– Den vanlegaste feilen folk gjer når dei skal skrive nynorsk, er å tenkje på bokmål, meiner Kristin Fridtun, som er aktuell med boka «Nynorsk for dumskallar» utgjeven på Samlaget.
LES OGSÅ: Alskens om alskens
Kortreist nynorsk
«Nynorsk for dumskallar» er ei bok for alle dei som tykkjer det er litt skummelt å skrive nynorsk; vidaregåandeelevar som slit med sidemål, lærarstudentar som kvir seg for nynorskundervisning eller vaksne som får eit arbeid der dei må skrive nynorsk.
Hennar beste tips er å lese mykje nynorsk i bøker, aviser og på bloggar.
– Fylgjer du det rådet, kjem du til å gjera det skarpt i nynorsk.
Fridtun er utdanna filolog og har mellom anna ei fast språkspalte i Dag og Tid. Det var ikkje før hausten 2006, då ho som 19-åring byrja å studere nordisk, at ho sjølv vart nynorskbrukar på heiltid.
– Eg tenkte at sidan eg skulle studere nordisk og levere oppgåver på nynorsk var det greitt å friske opp desse kunnskapane. Så eg melde meg på eit kurs arrangert av studentmållaget i Trondheim, fortel Fridtun.
– Etter ein halvtime tenkte eg at det er jo nynorsk eg skal skrive, men eg fomla litt i nokre veker eller månader. Eg vart veldig oppslukt av det og nytta all mi fritid på å lære skikkeleg nynorsk.
Ho ser ein tendens til at nynorsk har gått frå å ikkje vere så sosialt akseptert til å verte litt kult i nokre miljø.
– Det er jo ei trend at alt skal vere kortreist lokalt og ekte, her trur eg nynorsken passar godt inn.
LES OGSÅ: Den nye nynorsken del 1, del 2, del 3, del 4 og del 5.
– Nynorsk er lettare
Sjølv fekk Fridtun nokre reaksjonar frå vener heime, som tykte at det var litt rart at ein elverumsing plutseleg var ihuga nynorskbrukar. Og det er verkeleg motstraums med målbyte den vegen.
Sju år seinare er ho stø som fjell i nynorsk, og held mellom anna kurs for vidaregåandeelevar. Ho fortel at mange, både nynorsk og bokmålselevar, tykkjer at bokmål er lettare enn nynorsk.
– Objektivt sett er faktisk nynorsk eit lettare språk, fortel Fridtun, men meiner at det er det faktum at me les mykje meir bokmål enn nynorsk, som gjer at dei fleste finn den målforma lettast.
Sjølv om Fridtun peikar på at ein ser mykje nynorsk i samfunnet no, samanlikna med tidlegare, meiner ho at nynorsken bør kome inn på enda fleire samfunnsområder.
– Det burde vore meir nynorsk teksting av seriar og filmar, spesielt på kino. I tillegg bør fleire aviser slutta å forby nynorsk, noko eg meiner er heilt bakvendt.
Korleis ein skal få opp engasjementet og leselysta på nynorsk i skulen har ho ikkje heilt klart føre seg.
– Men eit heitt tips er å byrja tidleg, før ungdomsskulen, slik at dei ikkje rekk å få fordommar mot nynorsk.
LES OGSÅ: Språkskifte, ikkje målbyte
Takkar Aasen
I boka tek ho sikte på å knekkje ein del myter om nynorsken og hans far. Mellom desse mytene er at Ivar Aasen var gamal heile livet, at han var sur og at han mangla sosiale antenner.
– Eg tenkjer på Ivar Aasen kvar dag. Han var eit skikkeleg arbeidsjarn, så om eg tenkjer at eg har mykje å gjere, så tenkjer eg på Aasen, fortel ho, og legg til:
– Eg kjenner takksemd ovanfor Ivar Aasen, fordi eg har eit skriftspråk som eg trivest med og kjenner er mitt, det kjente eg ikkje med bokmål.
Sjølv skal ho snart ut på vegen med Riksteatret med eit kåseri ord og etymologi, i tillegg til at ho skal på turné med eit føredrag om Ivar Aasen på vidaregåande skular i Trøndelag. Då får trønderelevane møta ein levande nynorskbrukar, som talar om den nynorske kulturarven.
LES OGSÅ: Veit du kva du snakkar om?
Mengdetrening
I boka presenterast òg eit lite knippe nynorskbrukarar. Det er eit avsnitt om ordtilfang, der ho tek eit oppgjer om myten om at ein ikkje kan nytte lånord i nynorsk. Ei innføring i korleis ein skal formulera seg på nynorsk, kjem før ho tek føre seg grammatikken heilt sist, noko som er uvanleg i språkopplæring.
– Stort sett byrjar ein jo med grammatikken, men eg meiner at det hjelper ikkje å vete korleis ein skal bøye ord, om ein ikkje veit kva ord ein kan nytte.
Tek du sikte på å verte god i nynorsk er det likevel ikkje nok å lese «Nynorsk for dumskallar», oppskrifta frå Fridtun er like enkel som ho er vanskeleg.
– Den einaste måten å verte god i språk er å øva seg, fortel Fridtun.
QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?
Fem råd frå Fridtun
I tillegg har ho fem meir konkrete hugsereglar for dei som slit med nynorsken:
1. Bruk ordliste/ordbok aktivt. Det er keisamt, men det løner seg.
2. I nynorsk har sterke verb éi staving i presens, akkurat som i dei fleste dialektene: «Eg skriv.» «Han kjem snart.» «Bøkene ligg på bordet.»
3. Hugs at ikkje alle nynorskord sluttar på -ar. Mange sluttar på -er, som i bokmål (t.d. bukser, kvinner, hjelper). Slå opp i ordlista om du er usikker.
4 Inkjekjønnsord har inga ending i ubunden form fleirtal. Det heiter «mange eple», «mange menneske», «mange problem».
5. Skriv enkle og korte setningar. Tenk på korleis du ville ha ordlagt deg munnleg, altså kva du ville ha sagt. Det er betre enn å skriva teksta på bokmål fyrst, og så omsetja til nynorsk.
Faktaboks
Kristin Fridtun (fødd 1987)
– Filolog, sakprosaforfattar og fast språkskribent i vekeavisa Dag og Tid
– Kjem opphaveleg frå Elverum, busett i Bergen
– Vart nynorskbrukar i 2006
– Gav i fjor ut «Norsk etymologisk oppkok»
– Aktuell med «Nynorsk for dumskallar»