No er det vinn eller forsvinn for norsk pelsdyrnæring

Regjeringa set ned eit eige utval som skal gjennomgå pelsdyrnæringa. Formålet er å bidra til føreseielegheit om framtidige rammevilkår for næringa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderer pelsdyrnæringa

 

Utvalet skal blant anna drøfte og vurdere etiske spørsmål rundt pelsdyrhald og gjere greie for og drøfte dei to hovudalternativa for framtida til næringa i Noreg. Landbruksdepartementet meiner det ligg føre to hovudalternativ – berekraftig utvikling eller styrt avvikling. Utvalet skal levere innstillinga si innan 30. juni neste år.

Dyrevelferda under lupa
Arbeidet skjer på bakgrunn av avsløringane om dyremishandling i pelsdyrnæringa dei siste åra, forklarer miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV).

– Eg meiner det er heilt nødvendig å setje ned eit utval for å sjå på dette. Avsløringane av dyremishandling som har dukka opp med jamne mellomrom dei siste åra, tyder på at næringa har brukt opp sjansane. Dette er den første grundige gjennomgangen som stiller spørsmål om næringa bør avviklast eller ikkje, seier han til NTB.

Miljøvernministeren viser til at fleire land i Europa, blant dei Nederland, har gjort vedtak om å avvikle pelsdyrnæringa.

– Det finst sterke etiske argument mot å halde rovdyr i bur på små areal for at vi skal kunne produsere pels. Pelsdyrnæringa i Noreg tel heller ikkje mange årsverk, seier Solhjell.

LES OGSÅ: – Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

300 årsverk
Det er om lag 270 bruk med pelsdyr i Noreg. Samla sysselsetjing i primærproduksjon, fôrproduksjon, organisasjonar og tilgrensande næringar er anslått til 300 årsverk. I 2012 var omsetningsverdien av norske skinn på vel 400 millionar kroner.

Den globale pelsproduksjonen har auka mykje dei siste ti åra. Den norske pelsproduksjonen utgjer om lag 1 prosent av den globale produksjonen av minkskinn og om lag 4 prosent av den globale produksjonen av reveskinn.

Regjeringsutvalet skal bestå av ni medlemmer, som enno ikkje er plukka ut.

Solhjell påpeiker at medlemmene skal ha god fagkunnskap om næringa, gjerne veterinærfagleg bakgrunn og anna kunnskap om dyrevelferd.

– Arbeidet skal raskt i gang når medlemmene er plukka ut. Dette vil skje innan kort tid, seier Solhjell.

LES OGSÅ: – Me er pelsdyrbøndenes beste ven

Fryktar ikkje for næringa
Dagleg leiar av Norges Pelsdyralslag, Knut Berg, ønskjer den kommande gjennomgangen av pelsdyrnæringa velkommen.

– Vi synest det er positivt at det blir sett ned eit utval, og har von om at dette skal gi eit godt og riktig bilete av næringa. Vi har trua på at vi har ei god og trygg framtid framfor oss, seier Berg til NTB.

Han legg til at det er svært viktig at kompetente fagfolk vert plukka ut til å sitje i utvalet.

– Det er viktig at vi får ei grundig utgreiing slik at debatten blir basert på kunnskap og ikkje hendingar, seier han.

Dyrevernorganisasjonen NOAH meiner det er på høg tid at norsk pelsdyrnæring blir gått etter i saumane. Samtidig er dei kritiske til at utvalet skal komme fram til to likeverdige alternativ som handlar om styrt avvikling eller berekraftig utvikling av næringa.

LES OGSÅ: Rekordmange pelsdyroppdrettarar

Vil ha avvikling
– Ein ser Senterpartiets avtrykk på det siste handlingsalternativet. Dette strir både mot dei to andre regjeringspartia, mot den etiske oppfatninga til folk og mot faglege råd. Det er rett og slett ei skam å bruke statlege pengar på å undersøkje, seier veterinær og leiar i NOAH, Siri Martinsen.

Guri Melby (V) meiner det er bra at problematikken blir tatt på alvor av regjeringa. Ho påpeiker likevel at kunnskapen om næringa er meir enn god nok.

– Norsk pelsdyrnæring har allereie fått ti lange år til å rydde opp. Dermed har dei allereie bevist at det ikkje er mogleg å kombinere produksjon og dyrevelferd. Vi meiner dermed at eit slikt utvalsarbeid er unødvendig, sjølv om det er bra at saka kjem på den politiske agendaen, seier ho til NTB.(©NPK)

Kva meiner du om pelsdyroppdrett?