Norsk ungdom og rus: – Det hjelper ikkje å straffe nokon heile tida

Emilie Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tuva Tveit-Sletten (18) og Pia Tveit-Sletten (18) frå Bergen tenkjer at narkotika og andre rusmiddel generelt er noko negativt. Av både legale og illegale rusmiddel har dei sjølve berre prøvd alkohol, noko dei trur er det mest utbreidde rusmiddelet blant unge.

– Alkohol er mest vanleg, etterfølgt av snus, røyk, og hasj, seier Tuva.

Tvillingane seier at det er desse rusmidla, i denne rekkjefølgja, som er rekna som mest innafor å bruke.

Tuva og Pia Tveit Sletten (18) trur det er vanlegare å bruke illegale rusmiddel i dag enn det var før. Foto: Emilie Hansen.

Alkohol, snus, røyk, og hasj

Max Amirihosseini (16) og Adrian Mango (16) er einige med tvillingane frå Bergen. Sjølv har dei prøvd både snus og røyk, og seier det er veldig vanleg å bruke frå ein tidleg alder.

– For unge er det veldig mykje hasj, trur eg. Det er mange som røyker, og det er mange som er avhengige av snus også, seier Amirihosseini.

– Og «vape», ja. Særleg blant dei som er endå yngre enn oss, legg Mango til.

Dei seier at det startar som regel med snus, røyk og «vape» (e-sigarett), men at dei og kjenner folk som brukar illegale rusmiddel. 16-åringane fortel at det som er normalt eller innafor når det kjem til rusmiddel, endrar seg med alderen.

– I sjuande og åttande klasse var det kanskje heftig å «vape», men når du blir 16–17 år, ser folk litt ned på det på ein måte. Så det endrar seg veldig fort eigentleg, fortel Amirihosseini.

Låg kartlagd rusbruk blant unge i Noreg

Ifølgje ungdata er det berre 4 prosent av elevar på ungdomsskulen i Noreg som har brukt cannabis, 5 prosent som drikk alkohol jamnleg, 2 prosent som røyker fast og 3 prosent som snuser fast. Dette er låge tal. Delen som har vorte tilbode cannabis det siste året, er 15 prosent, og 13 prosent har vore rusa på grunn av alkohol. Trass i dette er det nokre som er uroa for at trenden med nedgong i rusbruk, no er i ferd med å endre seg.

Lite undervising

Både 18-åringane og 16-åringane vi har snakka med, fortel at undervisinga om rusmiddel i skulen har vore for dårleg. Amirihosseini og Mango diskuterer seg i mellom om dei har hatt undervisning om rus i det heile.

– Vi har kanskje hatt litt, men ganske overflatisk eigentleg. Det var veldig dårleg, i alle fall, seier Mango.

Tuva og Pia er einige. Dei seier at kanskje éin time av den 13-årige skulegangen deira har vore via til å lære om rus. 18-åringane skulle ønske dei lærte meir om både legale og illegale rusmiddel i skulen, og trur dette hadde fått fleire positive konsekvensar.

  • Sjekk kor mykje du kan om rusmiddel ved å ta Framtida sin quiz her.

– Folk hadde vorte meir bevisste på konsekvensane av å ta det. Dessutan hadde det vorte tryggare, for om nokon tek noko, så veit folk kva som skjer, seier Tuva.

– Eg trur kanskje det hadde dempa lysten til å prøve det, fordi du veit kva som skjer. Det er ofte ein har lyst til å prøve ting fordi ein ikkje veit det, seier Pia.

Tvillingane meiner det same om alkohol, og føler ikkje dei har lært nok om det i skulen. Dei skulle ønske det vart satt av meir tid til dette på timeplanen. Spesielt fordi alkohol er veldig tilgjengeleg frå ein tidleg alder.

– Det er veldig mange det går litt skeis for når det gjeld alkohol, fordi dei ikkje veit nok, seier Tuva.

Meir utbreidd i dag

18-åringane tenkjer det er meir utbreidd med bruk av rusmiddel i dag enn før, sidan det er lettare tilgjengeleg på grunn av teknologien vi har. Dei trur ikkje lovlegheita har mykje å seie for kor tilgjengeleg noko er.

– Alkohol kan ein få tak i i ganske ung alder, til dømes over Snapchat. Sjølv om det er ulovleg, vil det nok vere like tilgjengeleg om du kjenner dei rette personane, seier Pia.

Også Amirihosseini og Mango trur bruken av rusmiddel er meir utbreidd no enn før.

– Det eg har høyrt frå foreldra mine, er at fleire brukar det no enn det dei høyrte om då dei var yngre, seier Mango.

Ubehageleg med harde stoff

Både jentene og gutane seier at dei hadde syntest det var ubehageleg om nokon tok hardare stoff i nærleiken av dei.

– Sprøyte, det er veldig drøyt, seier Amirihosseini.

Også Pia nemnar at det er sprøyte som er mest ubehageleg om nokon brukar i nærleiken av ho.

– Sånn sprøyteopplegg … Eg veit ikkje heilt kva som er i dei sprøytene, men ja, det hadde eg ikkje syntest var så gøy, seier Pia.

Tuva hadde gått bort om nokon starta å røyke hasj, medan det for Mango ikkje er så farleg om nokon røykar hasj ved sidan av han.

Pia legg til at ho kanskje hadde bevegd seg bort frå nokon om dei sniffa kokain, men ho hadde ikkje forlate huset det gjekk føre seg i, berre fordi nokon sniffa noko rundt ho.

Ikkje fått med seg debatten

Dei Framtida.no snakka med, har i liten eller ingen grad fått med seg debatten om avkriminalisering i Noreg. Amirihosseini hadde høyrt om eit anna land som hadde gjennomført avkriminalisering, og der bruken av heroin hadde gått ned.

Etter å ha fått rusreforma kort forklart, synest Tuva det er greitt med avkriminalisering, medan Pia er meir skeptisk. Pia fryktar at det er fleire som vil prøve ut rusmiddel om det ikkje er fare for å bli straffa med små doser.

– Om nokon hadde sagt til deg då du vart 18 år at hasj var lovleg, hadde ikkje du hatt meir lyst å prøve det enn viss det ikkje var lov?, spør Pia til Tuva.

Tuva svarar jo. Pia trur det hadde vore slik for mange. Om det ikkje er strenge straffar eller store konsekvensar, blir barriera for å prøve og teste lågare, tenkjer Pia.

Tuva synest derimot det høyrest fint ut om det er meir fokus på hjelp, enn straff. Ho dreg parallellar til debatten om fengsel i Noreg og i USA, der ho seier at fengsel i Noreg er betre fordi her er det meir fokus på hjelp og rehabilitering.

– Dei skal jo straffast, men det hjelper ikkje å straffe nokon heile tida. Eg trur det berre trykker dei ned, og at det blir verre. Så viss dei får hjelp, så trur eg det blir bra, seier Tuva.

Legalisering av cannabis

Tvillingane frå Bergen er einige i at dei ikkje vil ha ei legalisering av rusmiddel i Noreg. Men både Amirihosseini og Mango er for legalisering av cannabis. Dei tenkjer at dette rusmiddelet ikkje er så farleg, og at om cannabis hadde vorte lovleg, så hadde det vorte tryggare å bruke stoffet.

– Folk på gata kan mikse nokon rare greier der du ikkje veit heilt kva som er oppi. Om du skal kjøpe noko hasj, så kan det plutseleg vere miksa med noko anna. Så det er tryggare det, om dei avkriminaliserer, seier Amirihosseini.


Les også: Avkriminaliseringa i Portugal: – Det er altfor lett å få tak i rusmiddel

F.v. Rodrigo Tenreira (23), Fabio Amaro (24), og Caroline Barroso Rodrigues (16) har ulike tankar og meiningar knytt til avkriminalisering av rusmiddel i Portugal. Foto: Emilie Hansen.