Nyheitsquiz: Prinsessefeiring, serienytt og nye ord

Har nyheitsradaren din vore på den siste veka? Test deg sjølv i nyheitsquizen!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Quiz: Nyheitsquiz veke 24

  1. Spørsmål 1 av 11

    1.

    Kva kan ein no pante?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 11

    2.

    Kvifor blir filmen Lightyear stoppa i 14 land?

    • Det stemmer! 

      Styresmaktene i minst 14 land kan nekte å syne Buzz Lightyear si reise «to infinity and beyond». Filmen har nemleg ei kort scene der to kvinner kyssar.

      Skodespelar Chris Evans, som har stemma til Buzz Lightyear i filmen, seier dei som er redde for endring kjem til å døy ut nett som dinosaurar.

      Les meir om saka her!

    • Feil!

  3. Spørsmål 3 av 11

    3.

    Storbritannia vil deportere asylsøkjarar til kva land?

    • Utruleg, men sant! 

      I staden for å gi migrantar opphald i Storbritannia, vil regjeringa sende dei til Rwanda. I byte skal Rwanda få fleire millionar pund i utviklingsbistand. 

      Tysdag skulle det første flyet med asylsøkjarar ta av, men det blei stansa av Den europeiske menneskerettsdomstolen. 

    • Dette var feil svar!

      I staden for å gi migrantar opphald i Storbritannia, vil regjeringa sende dei til Rwanda. I byte skal Rwanda få fleire millionar pund i utviklingsbistand. 

      Tysdag skulle det første flyet med asylsøkjarar ta av, men det blei stansa av Den europeiske menneskerettsdomstolen. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 11

    4.

    Kva program blir droppa av NRK?

    • Stjernesvar!

      Hadde du gleda deg til enda ein haust der du får sjå artistar prøve seg på sjangrar dei ikkje kan, må vi skuffe deg. Eller NRK da. Dei har nemleg droppa Stjernekamp. Grunnen er at dei ikkje har plass når dei skal sende fotball-VM. 

      Kven veit, kanskje vil gruppespel i Qatar vere like underhaldande som rapparar som gir seg hen til opera. Om ikkje det er tilfelle, lovar NRK at Stjernekamp kjem sterkt tilbake i 2023. 

    • Du er ei fallen stjerne, for du svarar feil.

      Hadde du gleda deg til enda ein haust der du får sjå artistar prøve seg på sjangrar dei ikkje kan, må vi skuffe deg. Eller NRK da. Dei har nemleg droppa Stjernekamp. Grunnen er at dei ikkje har plass når dei skal sende fotball-VM. 

      Kven veit, kanskje vil gruppespel i Qatar vere like underhaldande som rapparar som gir seg hen til opera. Om ikkje det er tilfelle, lovar NRK at Stjernekamp kjem sterkt tilbake i 2023. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 11

    5.

    Kva er den nye aldersgrensa for elsparkesykkel, som trådde i kraft denne veka?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 11

    6.

    Kva ikonisk internett-greie er blitt historie?

    • Heilt rett! 

      Den gode, gamle nettlesaren takkar for seg. Internet Explorer var på eit tidspunkt brukt av 90 prosent av internettbrukarane, men har blitt karakterisert som treig, ustabil og sårbar for hackarar. 

      Når Explorer no hamnar i papirkorga, vonar Microsoft at vi skal utforske deira nye nettlesar Edge.

    • Feil!

      Den gode, gamle nettlesaren takkar for seg. Internet Explorer var på eit tidspunkt brukt av 90 prosent av internettbrukarane, men har blitt karakterisert som treig, ustabil og sårbar for hackarar. 

      Når Explorer no hamnar i papirkorga, vonar Microsoft at vi skal utforske deira nye nettlesar Edge.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 11

    7.

    Kva ord er teke inn i ordboka?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 11

    8.

    Kva for blodig TV-serie skal bli til realityprogram på Netflix?

    • Korrekt!

      Serien skal spelast inn i 2023, med 456 deltakarar og ein premiepott på 4,56 millionar dollar. Men i motsetnad til tv-serien Squid Game som tok verda med storm i fjor haust, vil (forhåpentlegvis) ingen døy under spelet.

      – Den verste lagnaden er å gå heim tomhend, slår Netflix fast.

    • Game over for deg.

      Squid Game-serien skal spelast inn i 2023, med 456 deltakarar og ein premiepott på 4,56 millionar dollar. Men i motsetnad til tv-serien som tok verda med storm i fjor haust, vil (forhåpentlegvis) ingen døy under spelet.

      – Den verste lagnaden er å gå heim tomhend, slår Netflix fast.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 11

    9.

    Kvar arrangerte regjeringa 18-årsfeiring for prinsesse Ingrid Alexandra?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 11

    10.

    I høve gallamiddagen på Slottet bar prinsesse Ingrid Alexandra tiara for første gong. Kven har diademet hennar tilhøyrt?

    • Konge svar!

      Under gallamiddagen på Slottet brukte prinsesse Ingrid Alexandra tiara, eller diadem, for første gong. Diademet har tilhøyrt prinsesse Ingeborg av Sverige, og blei kjøpt i Paris for 122 år sidan. 

      Prinsesse Ingeborg av Sverige var kong Harald si mormor, og er dimed tippoldemora til prinsesse Ingrid Alexandra. Etter at ho døydde, arva prinsesse Ragnhild diademet. 

      Etterkommarane hennar gav det i 18-årsgåve til prinsesse Ingrid Alexandra i januar.

    • Nei og nei!

  11. Spørsmål 11 av 11

    11.

    Kva Game of Thrones-karakter jobbar HBO med ein oppfølgjar om?

    • Alt du veit!

      HBO jobbar no med ein spinoff rundt rollefiguren Jon Snow. Prosjektet er i ein tidleg fase, men ifølgje Variety har Kit Harington sagt ja til å gå inn i rolla att. Handlinga skal gå føre seg etter slutten på den originale serien. 

    • Du veit ingenting!

      HBO jobbar no med ein spinoff rundt rollefiguren Jon Snow. Prosjektet er i ein tidleg fase, men ifølgje Variety har Kit Harington sagt ja til å gå inn i rolla att. Handlinga skal gå føre seg etter slutten på den originale serien.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

Du har vel ikkje gått glipp av desse sakene frå tidlegare i veka?