– Nynorsken treng å bli løfta politisk
Noregs mållag og Nynorsk kultursentrum med manifest for nynorsken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den nynorsken Ivar Aasen skapte, er blitt eit nasjonalspråk. Som eit mindre brukt språk treng nynorsken å bli løfta politisk, og det må vere eit mål for språkpolitikken at fleire skal halde på og velje å skrive nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag. Ho er svært glad for at Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum til 200-årsdagen for Ivar Aasen legg fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret.
– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Ivar Aasen tenkte store tankar og la grunnlaget for at Noreg blei eit språkpolitisk moderne land. 200-årsdagen hans bør brukast til å løfte blikket og vise ein framtidsretta språkpolitikk, seier Sandal i ei pressemelding.
– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket
– Nynorsken treng sterke nynorskområde, men han treng òg vern i dei områda der han er sett under press. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og som er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt, seier Tennø.
Leiaren i Noregs Mållag meiner det bør vere eit mål for den offentlege språkpolitikken at han gir fleire nynorskbrukarar og får fleire til å bli verande nynorskbrukarar. Det gjeld å styrkje dei nynorske kjerneområda, seier Marit Aakre Tennø.
VIDEO: Dei gjera hugen glad
– Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
I erklæringa legg Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum også vekt på at prinsippet nynorsk må brukast konsekvent. Etter stortingsdrøftinga av språkmeldinga i 2009 er det offisiell politikk å følgje prinsippet nynorsk. Det inneber at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor.
– Dette føreset administrative system i offentleg forvaltning som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt, og at det blir enklare å bruke nynorsk i det offentlege, seier Reidar Sandal.
LES OGSÅ: – Signal om at nynorsken er uviktig
Kulturjubileum med politikk
I 1996 blei det markert at det var 100 år sidan Ivar Aasen døydde. – Det jubileet blei til for å gi nynorskbrukarane nye impulsar. No bruker vi 200-årsjubileet til å gi dei politiske miljøa nye impulsar og vise verdien av nynorsk, seier Reidar Sandal.
Kva meiner du skal til for at nynorsken skal vinna fram på nye felt?
Faktaboks
21 punkt om norsk språkpolitikk
§ 1 Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst
§ 2 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk
§ 3 Ta vare på rikdomen språkleg mangfald
§ 4 Språk og demokrati skal framleis vere to sider av same sak
§ 5 Auk verdien av nynorsk
§ 6 Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
§ 7 Gi Noreg fleire nynorskbrukarar
§ 8 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov
§ 9 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk
§ 10 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar
§ 11 Styrk dei sterke nynorskområda
§ 12 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken
§ 13 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling
§ 14 Bruk nynorsk i tenking og forsking
§ 15 Større breidd i nynorsk dikting og sakprosa
§ 16 Meir nynorsk i tv, radio og presse
§ 17 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde
§ 18 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett
§ 19 Del den norske røynsla med andre
§ 20 La Språkåret 2013 vere året som aldri sluttar
§ 21 Dialog med mange land og kulturar