– Noreg manglar truverd i polområda

– Noregs Ole Brum-politikk lar seg ikkje gjennomføre i praksis, seier Natur og Ungdom. Dei meiner Noreg har langt igjen før vi får truverd som ein miljøvenleg polnasjon.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I nord og sør er jordkloden dekkt av is. Arktis (Nordpolen) og Antarktis (Sørpolen) er rekna for nokre av dei mest sårbare og mangfaldige økosystema vi har. Samstundes er dei under press, frå global oppvarming, oljeutvinning og fiskeri.

– Å verne store havområde i Arktis og Antarktis vil vere svært viktig om vi skal møte klimautfordringane og stoppe tapet av verdifull natur.

Det seier Ingrid Skjoldvær, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Ho meiner Noreg er for dårlege på polpolitikken, både i nord og i sør.

LES OGSÅ: Maktkamp i Arktis

Oljetrugsmålet i Nord
I Nordområda er det særskilt oljeutvinninga som vert sett på som eit trugsmål for miljøet og norsk miljøtruverd.

– Framleis eit stykke å gå før Noreg verkeleg har truverde i miljøspørsmålet. Vi har ingen teknologi for å reinske oljesøl frå isfyllte farvatn og samstundes har vi ein oljeminister som seier vi skal bore heilt til Nordpolen, seier Ina Bjørnrå som sit saman med Skjoldvær i sentralstyret til Natur og Ungdom.

Skjoldvær er samd med kollegaen.

– Noregs Ole Brum-politikk lar seg ikkje gjennomføre i praksis. I kampen mellom miljø- og oljeinteresser går oljeindustrien av med sigeren. Dei får tilgang til stadig nye havområde, lengre nord og nærare land sjølv om risikoen for utslipp aukar og konsekvensane vil vere endå større, seier ho.

For Bjørnå er det noko djupt ironisk over problemstillinga. For det er klimaendringane og polsmeltinga som opnar for oljeutvinninga i Nord.

– Arktis smeltar som følgje av menneskeskapte klimaendringar. Det ironiske er at det er smeltinga av Arktis som opnar for oljeboringa der, som igjen vil føre til fleire klimaendringar.

LES OGSÅ: Dyr truga i Arktis

Fallitt i sør
Det er likevel ikkje berre i nord at miljøutfordringane er store, og politikken ikkje strekk til.

Det vart synleg i førre veke, då Noreg leda eit møte i for å diskutere framtida til Antarktis. Møtet var skipa av Kommisjonen for vern av Antarktis’ maritime levande resursar (CCAMLR), der Noreg saman med 24 andre land arbeider for vern av Sørishavet og Antarktis.

På førehand var det knytt stor håp til møtet, som hadde som hovudmål å handsame to framlegg om varig vern av havområde i Antarktis. Ingen av framlegga vart vedtekne, og av fleire miljøorganisasjonar får Russland skulda. Dei hevda at kommisjonen ikkje hadde autoritet til å opprette verneområda.

Det får internasjonale miljøvernarar til å rase.

– Handlingane til den russiske delegasjonen har sete internasjonal godvilje og samarbeid i fare, dei to nøkkelingrediensane naudsynte for å jobbe for globalt havvern, seier Andrea Kavangha, leiar i organisasjonen Southern Ocean Sanctuaries Campaign, på deira vevsider.  

Ti tusen artar i Antarktis
Fleire miljøorganisasjonar og enkeltpersonar hadde i lang tid jobba for å få oppretta vernesoner i Sørishavet.

Skodespelar Leonardo DiCaprio starta i haust ei underskriftinnsamling på nettstaden avaaz.com, for å samle støtte til kravet om vern av havområda omkring Antarktis. Så langt har over ein million menneske signert oppropet.

Skjoldvær forstår godt det internasjonale engasjementet for Sørpolen og hava omkring han.

– Havområda i Arktis og Antarktis er blant verdas rikaste og mest produktive, men òg mest sårbare. Berre i Sørishavet finst nær ti tusen unike artar. Dette er det siste havområdet som er relativt urørt, seier Ingrid Skjoldvær, sentralstyremedlem i NU.

– I dag er det stort fokus på verneområde på land, men finst knapt verna område til havs. Å verne store område i Arktis og Antarktis vil vere svært viktig om vi skal møte klimautfordringane og stoppe tapet av verdifull natur, seier Skjoldvær.

LES OGSÅ: Framande planter og dyr trugar

Kritikk av Noreg
Russland er ikkje åleine om å få kritikk i etterkant av møtet i Bremerhaven. Noreg leia møtet, og har både i forkant og i ettertid av møtet fått kritikk for å vere for passive.

– Noreg sit meir eller mindre på sidelinja, og det trengst eit sterkare engasjement for at møtet skal få eit positivt utfall, seier James Barnes, leiar for miljøorganisasjonen Antarctic and Southern Ocean Coalition (ASOC) til NRK.

Han understrekar at Noreg er eit svært viktig land i Antarktis-samarbeidet, og at Noreg historisk har teke gode og rette avgjersler om havrett og fiskeri. Derfor er han ekstra vonbroten over det han meiner er manglande norsk engasjement, og meiner Noreg kunne ha gjort langt meir for å påverke landa som var svært skeptiske til framlegga til verneområde.

– Det er forholdsvis stilt frå Noreg i denne saka, vi veit faktisk ikkje kvar Noreg står når det gjeld dei to framlegga, seier han.

I Natur og Ungdom meiner dei Noreg verkar å vere litt for nøgde med eigen innsats.

– Noreg gjer for så vidt ein grei jobb, men vi kan helt klart gjøre mykje meir. Norske politikarar verkar vi litt for nøgde med dei resultata vi har oppnådd, seier Bjørnrå.

Oppskrift på miljøtruverde
På spørsmål om kva som skal til for at Noreg skal vinne attende miljøtruverdet, har dei to miljøvernarane svara klare.

– Ein god start hadde vore å jobbe hardare for vern av havområde i Antarktis og å nytte posisjonen i Arktisk Råd til jobbe mot eit strammare miljøregelverk i Arktis, seier Skjoldvær.

– Vi må starte å ta ansvar på heimebane, og sette grenser for oljeutvinninga i sårbare farvatn og opprette marine verneområde i Arktis, held ho fram.

Bjørnrå meiner at Noreg må ta kontroll over Statoil, skal dei redde truverdet.

– Noreg ta kontroll over sitt eige oljeselskap, og lage ei grense for kor langt nord dei kan utvinne olje, og sikre at dei ikkje borer i isfylte farvatn. Dessutan må Noreg vere ein internasjonal pådrivar for at oljeutvinning blir forbode i eit smeltande Arktis, avsluttar ho.