Fleire positive til innvandrarar

Sju av ti meiner innvandrarar bidreg til å gjera norsk kultur rikare.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har nordmenn blitt langt meir positive til innvandrarar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Ei ny undersøking som Respons har utført for Bergen kommune viser same trenden.

Ifølgje SSB meiner no 73 prosent av befolkninga at innvandrarar bidreg til å gjera norsk kultur rikare. Det er ein auke frå 2002 då 63 prosent meinte det same, skriv Vårt Land.

Vidare viser tala at åtte av ti meiner innvandrarar gjer ein nyttig innsats i arbeidslivet. For ti år sidan svarte 66 prosent det same. 33 prosent meiner innvandrarar er ei kjelde til utryggleik i samfunnet. Det er ein nedgang frå 45 prosent i 2002.

LES OGSÅ: Unge på flukt blir fanga i byråkratiet

SSB-tala viser at 32 prosent av befolkninga i Noreg meiner innvandrarar flest misbrukar dei sosiale velferdsordningane i samfunnet. I 2002 meinte 41 prosent det same. Fire av ti nordmenn meinte i 2002 at det ville vera ubehageleg dersom dei hadde ein son eller dotter som ville gifta seg med ein innvandrar. No meiner kvar fjerde nordmann det same.

SSB oppgjev også at 27 prosent av befolkninga i 2002 hadde venner og kjende som var innvandrarar. Dette talet har auka til 35 prosent.

Samtidig viser ei ny undersøking som Respons har utført på oppdrag for Bergen kommune at 96 prosent av bergensarane er positive eller nøytrale til å ha innvandrarar i nabolaget. Åtte av ti bergensarar meiner innvandrarar gjer samfunnet rikare. 

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn