Navarsete vil ha større metoo-gjennomgang i norsk politikk
Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete meiner at alle norske parti må ta ein ny gjennomgang av om det er fleire metoo-saker som kan bli avslørt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trur alle må gå i seg sjølv, og viss det finst fleire historier, må dei på bordet slik at media ikkje kjem med andre avsløringar, seier ho til NRK.
Ho ber partileiar Trygve Slagsvold Vedum om å ta eit møte med partisekretær Knut Olsen.
– Eg trur partileiaren bør ta seg ein runde med partisekretæren og forsikre seg om at det ikkje er andre ting som ligg der, seier Navarsete.
Les også: Fleire unge opplever seksuell trakassering på jobb
Vil ha større gjennomgang
Navarsete seier til NTB at det ikkje berre er Senterpartiet som bør gjere ein slik gjennomgang, men alle dei norske partia.
– Eg meiner det må vere 100 prosent sikkert at det ikkje kan sprekke fleire slike saker blant leiande politikarar, seier Navarsete.
– Det er så øydeleggjande for tilliten til politikarane, seier den tidlegare Sp-leiaren.
SV-profil Kari Elisabeth Kaski tek til orde for mykje av det same.
– Eg har stor respekt for kvinna som fortel i VG i dag. Metoo-oppgjeret i politikken er endå ikkje over. Det viser både det Enoksen har gjort, men også dei uforståeleg utsegnene hans i dag, skriv Kaski på Twitter laurdag.
Jeg har stor respekt for kvinnen som forteller i VG idag. Me too-oppgjøret i politikken er enda ikke over. Det viser både det Enoksen har gjort, men også de uforståelig uttalelsene hans idag.
— Kari Elisabeth Kaski (@kariekas) April 9, 2022
Enoksen beklagar
Enoksen sa laurdag til VG at han beklaga at han hadde eit seksuelt forhold til ei ung kvinne på 2000-talet, men at det dreidde seg om ei utruskapssak og at han ikkje hadde noko maktforhold overfor kvinna som var 18 år gammal då ho møtte 50 år gamle Enoksen først.
Kort tid seinare trekte han seg som forsvarsminister.
– Eg vil beklage til dei eg har såra. Eg har gjort fleire dårlege val og vurderingar, og vil gi ei orsaking utan atterhald for at handlingane mine har gjort livet vanskelegare for andre, skreiv Enoksen i ein e-post til NTB.
Sps partisekretær Olsen har tidlegare laurdag sagt til NRK at partiet ikkje var kjent med at Odd Roger Enoksen hadde eit forhold til ei ung kvinne på 2000-talet, saka som gjorde at Enoksen no har gått av som forsvarsminister.
Vedum: – Rett å gå av
Partileiar Vedum sa kort tid etter at Enoksen gjekk av, at det var det einaste rette å gjere i denne situasjonen.
– Eit menneske er meir enn enkelthandlingane sine, men det som har komme fram, samsvarer ikkje med den tilliten som trengst for å kunne halde fram i rolla som statsråd. Mine tankar går til dei som har og har hatt det vanskeleg som følgje av handlingane hans, seier Vedum.
Miljøpartiet de Grønnes leier Une Bastholm skriv laurdag på Twitter at ho er sjokkert og kvalm etter avsløringane.
– Maktblinde vaksne utan sjølvinnsikt har ingen plass i norsk politikk. Jobben vår er fundert på tillit og ansvar, skriv Bastholm.
Jeg er sjokkert. Kvalm. Maktblinde voksne uten selvinnsikt har ingen plass i norsk politikk. Vår jobb er fundert på tillit og ansvar. Enoksen må såklart gå av som statsråd. Og like viktig: han må ikke nå bare få andre trøsteverv i erstatning. Det bør @Senterpartiet påse. #metoo
— Une Bastholm (@Uneaba) April 9, 2022