Fleire unge opplever seksuell trakassering på jobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan delen av alle arbeidstakarar som har opplevd uønskt seksuell åtferd på jobb, har auka marginalt frå 4,1 prosent i 2016 til 4,5 prosent i 2019, var auken markant blant arbeidstakarar mellom 17 og 24 år.

I den siste undersøkinga til Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) svarer 17 prosent det same – opp frå 11 prosent i 2016-undersøkinga.

– Det er like stor auke blant menn som kvinner, men nivået er mykje høgare blant unge kvinner. Det er ein stor kjønnsforskjell, seier Tom Sterud, forskar ved Stami og ein av fleire som har jobba med den nye Faktaboka om arbeidsmiljø og helse 2021.

Auke etter #metoo

Instituttet poengterer at #metoo-kampanjen fann stad mellom dei to undersøkingane. Med auka forståing for seksuell trakassering burde ein kanskje kunne forvente at tala skulle gå ned. Men samtidig kan auka medvit føre til at folk rapporterer om åtferd eller hendingar dei tidlegare har late passere.

– Vi har mest tru på at tala kan forklarast med auka medvit og endra haldningar til kva som blir definert som akseptabel åtferd, men kan ikkje talfeste det, seier Sterud.

Mellombelse mest utsette

Undersøkinga viser at det er arbeidstakarar i yrkesgrupper som har utbreidd kontakt med kundar, klientar eller pasientar som hyppigast rapporterer om trakassering. Servitøryrke, sjukepleiarar, pleie- og omsorgstilsette og politi/vakter har høgast representasjon blant dei.

Tala viser òg at mellombels tilsette oftare oppgir at dei har opplevd uønskt seksuell merksemd samanlikna med fast tilsette.

– I sum betyr dette at mange yrkesaktive som er i starten av yrkesløpet, blir utsett for ein type åtferd som ein ikkje skal sjå på arbeidsplassen, og som vi ser aukar risikoen for både psykiske plager og sjukefråvær, seier Sterud.