Innsatsen mot seksuell trakassering blir trappa opp

Seksuell trakassering på jobben, på skulen og i kulturlivet skal kartleggjast og danne grunnlag for ei ny stortingsmelding.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg skal meldinga føreslå førebyggjande tiltak og annan innsats mot seksuell trakassering.

Arbeidet skal vere eit særleg tett samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Dei inviterer til innspel, dialog og samfunnsdebatt om korleis ein som samfunn tek eit oppgjer med seksuell trakassering.

– Metoo-rørsla viste oss korleis fellesskap gjer oss sterkare. Når mange enkeltstemmer samlast, blir det ei felles kraft som kan føre samfunnet framover, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram stortingsmeldinga første halvdel av 2024.


Det er registrert ni varsel mot tilsette ved Universitetet i Bergen dei siste tre åra. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB