Kakefest for Bergensbanen

Etter ni timar med debatt i Stortinget smakte det godt med kake for å feire vedtaka om Bergensbanen og Ringeriksbanen i Nasjonal Transportplan.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forum Nye Bergensbanen, ein interesseorganisasjon til fremje for Bergensbanen, hadde saman med transportfraksjonen til regjeringspartia invitert både lokale og sentrale politikarar til kakefest tysdag kveld.

Festen var for å markere satsinga på Bergensbanen og Ringeriksbanen, som er vedteken i samband med Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2014 til 2023. Transportplanen var oppe til debatt på Stortinget tidlegare tysdag – ein debatt som varte i over ni timar!

– Siger
Det var mange glade og letta komitemedlemmer som hogg innpå kakefatet etter debatten var over.

– Dette er ein siger for mitt parti! Jublar stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV), som har leidd arbeidet med Bergensbanen i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han er glad for at det er brei politisk semje om utbyggingsplanane.

Buskerud-representanten Trond Helleland (H) i transportkomiteen var også svært nøgd med resultatet.

– Dette er ein stor dag for Hallingdal og Ringerike. Med Ringeriksbanen ligg alt til rette for at Hønefoss vert eit veldig bra bustadområde. For Hallingdal vil det vere positivt både for busetnad og næringsliv å kome éin time nærmare Oslo, seier Helleland.

Eit kinderegg
I tillegg til bygging av Ringeriksbanen, jernbanelinje mellom Sandvika og Hønefoss, er det er fleire utbetringar på Bergensbanen undervegs. Ein ny tunnel gjennom Ulriken skal gi dobbeltspor mellom Bergen og Arna. Vossebanen skal rustast opp, slik at det vert timesruter mellom Bergen og Voss.

Hordaland-representant og KrF-leiar Knut Arild Hareide er leiar for transportkomiteen. Han kallar satsinga på den nye Bergensbanen og Ringeriksbanen for eit kinderegg.

– Dette er bra for Bergen, det er bra for godstransporten, og det er bra for austlandsområdet, som får seg eit løft, seier Hareide. På spørsmål om den nye bergensbanen også vert realisert med ny regjering frå hausten, er han klokkeklar:

– Absolutt! (©NPK)