Vil ha verdas største nynorske skule

Rogaland Mållag vil halda fast på nynorsk på Bryne vidaregåande når den nye skulen opnar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren i Rogaland Mållag, Magne Viggo Høyland, håpar den nye vidaregåande skulen på Bryne vil bruka nynorsk som administrasjonsmål.

Høyland kjem med ei sterk oppmoding om at skulen vil bruke nynorsk.

– Ut frå historia til Bryne vidaregåande skule vil det vere synd om skulen skulle bruke bokmål. Det vil heller ikkje stemme med daglegtalen på Jæren, seier Høyland, ifølgje LNK.no.

Han kom med oppfordringa under opninga av fylkestinget nyleg. Rogaland Mållag var drivkrafta bak opprettinga av skulen i 1924, skriv Stavanger Aftenblad.

– Skulemålspresset mot ungdom i vidaregåande skuler er nå større enn det elevane som reiste til landsgymnaset opplevde fram til 1980. Det vil vera synd om den nye skulen på Bryne får bokmål som administrasjonsmål ut frå historia til skulen, slår Høyland fast.

Den nye skulen vil ha plass til minst 1500 elevar når han står ferdig ved slutten av 2014, og vil då vera den største vidaregåande skulen i Noreg med nynorsk som administrasjonsmål.