Redd Barna: Russiske barn og ungdom i Noreg blir hetsa

Redd Barna har fått fleire meldingar om at barn og ungdom med russiske foreldre eller russisk opphav opplever hets på grunn av krigen i Ukraina.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til Dagsavisen seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas noregsprogram, at alle vaksne – anten dei er foreldre, lærarar eller besteforeldre – har eit spesielt stort ansvar for korleis ein snakkar om det som skjer i Ukraina når barn er til stades, eller i sosiale medium.

– Det er veldig viktig at vi vaksne er oss medvite korleis vi snakkar om andre med bakgrunn frå landa i konflikten og vite at barn høyrer det meste, seier Sydgård.

I Noreg bur det rundt 4.000 personar som er fødde her i landet med russiske foreldre, og rundt 1.000 personar med ukrainske foreldre, ifølgje Statistisk sentralbyrå. I tillegg kjem dei som bur eller jobbar i Noreg og som har tilknyting til Russland.

– Verken russiske barn i Noreg eller russarar flest har skuld for krigen som no går føre seg. Ingen ungdommar her til lands skal klandrast på nett for kva som går føre seg i Kreml, og ingen barn i norske skulegardar skal mobbast for kva vaksne personar vel å gjere, seier ho.