No kan du spele «Wordle» på nynorsk
Ordspelet har teke verda med storm. No kan du bryne deg på spelet i ein nynorsk versjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spelet «Wordle» har gått viralt, og det som opphavleg var eit lite hobbyprosjekt vart nyleg kjøpt opp av The New York Times.
No har det dukka opp fleire norske versjonar av spelet – og du får det både på bokmål og nynorsk.
Amerikanske Evan Charlton har laga ei utgåve som baserer seg på dei norske ordbøkene. Han seier til Kode24 at han laga spelet for å lære seg norsk betre.
Leiken går ut på at du skal gjette deg fram til eit ord på fem bokstavar. Tenaren gir deg beskjed om riktige bokstavar på rett og feil plass, og du har seks forsøk på å komme fram til rett ord.
Som ein kombinasjon av klassikarane Hangman og Mastermind, altså.
Du har kanskje sett skryteinnlegg i sosiale medium, særleg på Twitter, i form av kvite, gule og grøne firkantar. Spelarar vert oppmoda om å ikkje dele fasiten med andre. Difor deler ein berre ei oversikt over kor mange rette bokstavar ein hadde før ein fann fasiten.
What @Twitter feels like in the morning #wordle pic.twitter.com/SLA6eSGOWp
— Peter C. Barnes (@Barnesy19) February 3, 2022