Røykarar overvurderer snusfaren
Ny forsking syner at mange røykarar trur faren for hjarte- og karsjukdommar er like høg ved snusing, som ved røyking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Overvurderer snusfaren
Sjansen for å få hjarte- og karsjukdommar eller kreft er vesentleg mindre ved snusing enn ved røyking, men likevel trur mange røykarar faren er like stor ved snusing. Det melder forskning.no, og viser til ei ny studie Ingeborg Lund og Janne Scheffels ved Statens institutt for rusmidellforskning (Sirus) har gjort.
Forskarane har spurt 2500 røykarar om dei trudde snusing eller røysking gav størst sjanse for hjarte- og karsjukdommar, og munnhole-, mage- eller lungekreft.
– Eit fleirtal av dei spurte overvurderte sterkt risikoen ved snusbruk i forhold til risikoen ved røyking, seier Lund på Sirus nettside.
LES OGSÅ: Fleire unge snusarar enn røykjarar
Manglar informasjon
Forskarane spurte også kva røykarane meinte var mest avhengigheitsskapande av snus og sigarettar, og både røykarar og snusarar meinte i stor grad begge gav lik risiko for avhengigheit. Eit unntak var dei som hadde slutta med både røyk og snus, som meinte røyk var noko meir avhengigheitsskapande.
– Studien har synt at norske røykarar er langt frå godt nok informert om snusens gunstige risikoprofil samanlikna med sigarettar, seier Lund til Sirus nettsider.
– Dersom røykarane som slit mest med å slutte hadde fått meir kunnskap om den relative helsefaren, ville dei kanskje i større grad byttet ut sigarettar med snus, avsluttar ho.
LES OGSÅ: Snusing på skular kan bli kriminelt