Tidlegare domfellingar for homoseksuell aktivitet skal slettast

Storbritannia vil «rette opp fortidas urett» og utvide benådingsordninga til å gjelde alle historiske dommar for homofili.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det inneber at alle domfellingar nokon fekk utelukkande på grunn av samtykke til homoseksuell aktivitet under lover som i dag er avskaffa, vil bli inkludert i ordninga.

– Det er berre riktig at der lovbrot er blitt avskaffa, bør domfellingar for aktivitet med samtykke mellom partnarar av same kjønn også bli sett bort frå, uttalar den britiske innanriksministeren Priti Patel.

Priti Patel. Foto: Richard Townshend – Det britiske parlamentet, Wikimedia Commons, CC BY 3.0

Saka har blitt omtala av fleire utanlandske medium, mellom anna av The Guardian.

Alle homoseksuelle handlingar mellom menn var ulovlege fram til 1967 i England og Wales, 1980 i Skottland, og 1982 i Nord-Irland.

– Eg vonar at utvidinga av benådingsordninga vil bidra til å rette opp fortidas urett og forsikre medlemmar av LHBT-samfunnet om at Storbritannia er ein av dei tryggaste stadane i verda å kalle heime, uttalar Patel.

Turings lov

Sidan 2012 har ein i England og Wales kunna søkt om å få tilsidesett historiske åtvaringar og dommar om sex med same kjønn, skriv BBC.

Vidare blei det i 2017 vedteke ei lov kjent som «Alan Turings lov». Lova er kalla opp etter vitskapsmannen Alan Turing, som var kodeknekkar under andre verdskrig. Du har kanskje sett Morten Tyldum-filmen The Imitation Game med Benedict Cumberbatch? Han handlar om nettopp Alan Turing.

Passbilete av den då 16 år gamle Alan Turing. Foto: http://www.turingarchive.org/ Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

Turing blei dømt for grov uanstendigheit for homoseksuelle handlingar i 1952, men blei benåda i 2013, etter at han var død. Turings lov gav automatisk posthum benådning til andre som blei dømt for seksuelle handlingar som ikkje lenger blir rekna som kriminelle.

Var for snever

Kampanjar har likevel hevda at lovbrota som ordninga omfattar er for snevre.

Til no har ni tidlegare lovbrot vore inkludert i regjeringa si benådingsordning, som i stor grad fokuserer på sodomi og grov uanstendigheit mellom menn.

Innanriksminister Patel har sagt at fleire menneske no vil få domfellingar for seksuell aktivitet med same kjønn sletta frå rulleblada sine.

Ei endring av lova vil utvide kriteria til å omfatte eitkvart oppheva eller avskaffa sivilt eller militært lovbrot som blei pålagt nokon utelukkande for, eller på grunn av, samstykkande seksuell aktivitet av same kjønn.

Det vil òg gjelde dei som har døydd før endringane kom på plass, eller inntil 12 månader etterpå, som vil bli benåda posthumt.


Kim Friele blir feira som eit homoikon i Noreg. Her på Storapride 10. august. Foto: Svein Olav B. Langåker