Året som gjekk: Kva lytta Kjartan Lauritzen til, kva såg P3-Arian på og kva lo Mort1rulle av?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

@Mort1rulle:

Morten Marius Skau. Lærar og TikTok-profil

Morten Marius «mort1rulle» Skau kjempar mot fordommar mot funksjonshemma i skulen i ein ny kampanjevideo. Foto: Skjermbilete/Unge funksjonshemmede. Kollasj: Framtida.no

– Kva hugsar du best frå året som har gått?

– Det må vere sommarferien, eller SoMer-ferien som eg kalla han. Altså ein sosiale medium-sommar. Ettersom eg jobbar som lærar har eg ein lang sommarferie, så eg brukte han på å poste mest mogleg på SoMe for å prøve nå følgjarmålet mitt på TikTok. Høyrest kanskje stusseleg ut for mange, men å lage filmar er noko av det morosamaste eg veit, så eg kosa meg mykje!

@mort1rulle Nei, har ikke limt det på. Noen smarte der ute som vet hva det er til? #wheelchair #foryou ♬ Blue Blood – Heinz Kiessling & Various Artists

– Kva lo du av? 

– I år har eg ledd mykje av vaksinemotstandarar. Ikkje av dei som personar, men «kjeldene» til argumenta dei ofte brukar. Det er forsking som ikkje er fagfellevurdert, aviser utan nokon form for journalistisk etikk og heilt tilfeldige YouTube-filmar. Eg skjønar at noko av det viktigaste eg kan gjere som lærar framover er å lære elevane kritisk tenking og kjeldekritikk. For dette har vore eit år med mykje tullete info som har blitt spreidd rundt omkring!

– Kva lytta du til?

– Eg har lytta mykje til bandet Hagle. Det er harry rånarkultur blanda med rap, og eg elskar det. Har aldri råna rundt i så mykje anna enn i rullestolen min, men gutta i bandet er frå same stad som meg, så eg kjenner att mykje av innhaldet i tekstane og låtane er latterleg fengande!

– Kva såg du på? 

– Det har versert mange rykte rundt filmen «Spider-Man: No Way Home» i godt over eitt år. Dei har teke med skurkane frå dei føregåande franchisane og nostalgi-nivået har vore ut av ei anna verd i trailarane. Og det aller heitaste på ryktebørsen har vore at Tobey Maguire og Andrew Garfield skulle gjere reprise i rolla som Spider-Man.

– Dimed var spenninga stor då eg hadde billettar til premieren 15. desember. Diverre kom det ein ny lock-down veka før, og dei flytta premieren til 15. januar her i Noreg. Eg var på gråten og var redd for å få alt spoila (plottblotta) på internett før eg tenkte «Fuck, Sony Norway» og reiste over til Sverige for å sjå han. Eg skal ikkje røpe noko anna enn at det er den kulaste filmen eg har sett i år!

Morten Marius Skau er ein av mange som hadde gleda seg til gjensynet med Tom Hollands Peter Parker, Zendayas MJ og Jacob Batalon som bestvennen Ned. Foto: SF Studios / Matt Kennedy


Kjartan Lauritzen:

Per Áki Sigurdsson Kvikne. Artist.

Kjartan Lauritzen er no aktuell med det nye albumet Kjartanisme. Foto: Privat

– Kva hugsar du best frå året som har gått?

– Det må vere å spele konsertar igjen. Elles har året vore relativt kjedeleg. E-sportlaget eg har vore med å lage, 777 Esport, vann den største norske turneringa i Counter-Strike, det var også ganske kjekt!

Foto: Rainer Kleive

– Kva lo du av? 

– Eg lo mest av meg sjølv, som alltid. Andre ting eg lo av var «Ikke lov å le på hytta» og gode memes på internett. Kjem diverre ikkje på nokon i forbifarta.

– Kva lytta du til? 

– Eg lytta mykje til forskjellig musikk. Min top artist of the year blei Mac Miller for fjerde år på rad. Elles har eg høyrt mykje på Jamiroquai, Slowthai, det nye albumet til Tyler, The Creator, og baby keem!

– Kva såg du på?

– Eg såg alle Marvel-filmane i kronologisk rekkefølge nettopp, det var kos! Elles vil eg anbefale Arcane og Dune!

Timothée Chalamet og Rebecca Ferguson i Dune. Foto: SF Studios / Warner Bros.


P3-Arian

Arianrhod «Arian» Engebø. Programleiar i NRK P3.

Arianrhod Engebø er programleiar i NRK P3. Noko av det ho likar best med radio, er at det er så kort veg frå idé til gjennomføring, og at det er rom for å leike seg. Det ho synest er mest utfordrande er å ikkje bli sett i vanar. Foto: Jonathan Vivaas Kise.

– Kva hugsar du best frå året som har gått?

– At verda opna opp igjen og at vi endeleg kunne dra på konsertar igjen. By:Larm 2021 er eit skikkeleg høgdepunkt. P3aksjonen 2021 der eg blei kledd opp som Rick frå «Rick and Morty» og fekk svimerka rumpa mi kan eg heller aldri gløyme. Ooog – så klart at eg har flytta til Oslo og endeleg fått flytte inn med kjærasten min. Det har skjedd mykje i løpet av dette året.

Arian fekk seg ein aldri så liten makeover under P3aksjonen. Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

– Kva lo du av? 

– Ted Lasso. Eg er under middels interessert i fotball, men Jason Sudakis sin fotballtrenarkarakter kan eg sjå på dagen lang. Du skal sjå lenge etter meir hjartevarme i ein serie.

– I tillegg så har TikTok gjort at eg på ny har sett gjennom denne legendariske videoen ganske mange gonger:

– Ikkje spør meg kvifor. TikTok får meg til å gjere dei raraste ting.

– Eg har òg ledd masse av P3morgen sin «Noe attåt»-podkast. Samtalane mellom den overtrøtte P3morgen-gjengen resulterer ofte i randome tankerekker og historier som eg ofte knekker saman i latter av.

– Kva lytta du til? 

– Podkasten til Christine Dancke. Veldig fin for oss som er svoltne på musikksnakk.

– Eg har også hørt _masse_ på det nye albumet til Gabrielle. Det er heilt nydeleg frå start til slutt. Spesielt perlene «Kan du love å vente» og «solskinn i et plettfritt sinn».

– Kva såg du på? 

– «Sucession» på HBO Nordic. I løpet av året har eg sett gjennom alle sesongane, og etter siste episode av årets sesong som kom ut no i desember har eg konkludert med at det er den beste serien eg nokosinne har sett. Faktisk.

Arian meiner «Sucession» er den beste serien ho har sett. Foto: Macall B. Polay/HBO


Foto: Pål Laukli