Kan bli verneplikt for kvinner i 2015
Med fleirtal i Arbeidarpartiet for kjønnsnøytral verneplikt, kan kvinner bli kalla inn til verneplikt frå 2015.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– 14. juni kjem Stortinget til å vedta prinsippet om kjønnsnøytral verneplikt. Alle dei raudgrøne partia er for. Det er fleirtal i forsvarskomiteen, og me vil no ta initiativ til dette, seier Laila Gustavsen (Ap), medlem av utanriks- og forsvarskomiteen til Aftenposten.
Landsmøtet til Arbeidarpartiet vedtok i helga å gå inn for kjønnsnøytral verneplikt. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) er òg for at kvinner skal vera vernepliktige. I dag har kvinner plikt til å møta til sesjon, men er ikkje vernepliktige. I dag er det kring 1 av 6 prosent av alle menn som blir kalla inn til verneplikt.
Då programkomiteen til Arbeidarpartiet la fram innstillinga si tidlegare i år, var det fleirtal mot kjønnsnøytral verneplikt. AUF er blant dei som har jobba hardt for å verneplikt òg for kvinner.
– Det som er viktig no er at dette raskt blir stadfesta som eit prinsipp for forsvaret, seier AUF-leiar Eskil Pedersen i ei pressemelding.
Kva synest om at òg kvinner kan bli kalla inn til verneplikt?