Visste du at det finst eit språk som er laga for å kommunisere over landegrensene, utan at det er knytt til enkelte land slik som engelsk? Me har snakka med tre unge esperantistar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Henrik Stefanus Rasch Håndlykken (19), Jacob Fjeld Grevstad (24) og Alexander Harestad Kvidbergskår (22) er tre av Noregs yngste esperantistar. Det vil seie at dei snakkar språket esperanto. Som medlem av Norsk Esperanto-ungdom møtest dei på ulike arrangement for dei som deler hobbyen.

– Det er veldig gøy å møte esperantofolk fordi det einaste ein ofte har til felles er at ein snakkar språket. Då gjeld det å bruke det språket så mykje som mogleg.

Det seier Henrik. Interessa hans for esperanto starta allereie som barn då han kom over ei setning i ei barnebok. Seinare lasta han ned appen Duolingo og fann ut at det gjekk an å lære språket der.

– Eg keia meg i ein time då eg gjekk på vidaregåande. Derfor søkte eg litt rundt på nett og kom inn på lernu.net, der eg fann esperantokurs, fortel Jacob.

Også Alexander kom over språket heilt tilfeldig.

– Eg oppdaga esperanto i ei historiebok. Eg syntest historia til språket var interessant og fekk lyst til å lære det, sjølv om andre sa til meg: «Det er ubrukeleg, lær heller spansk, fransk eller noko du kan bruke.» Men det stoppa ikkje meg.

Jacob Fjeld Grevstad (24) er medlem i Norsk Esperanto-Ungdom.

Jacob Fjeld Grevstad (24) er medlem i Norsk Esperanto-Ungdom. Foto: Privat

Håper eit felles språk fører til ei fredelegare verd

Den polske legen Ludwik L. Zamenhof (1859–1917) levde under ei turbulent tid i Europa.

Ludwik Lejzer Zamenhof er far til esperanto.

Ludwik Lejzer Zamenhof kunne 12-14 språk, og laga esperanto som 28-åring. Foto: ukjent / Bildarchiv Österreich

Om det berre hadde eksistert eit felles språk som var nøytralt, altså ikkje knytt til eit land, så kunne menneska kanskje klare å leve fredelegare saman, tenkte han.

28 år gammal presenterte han løysinga si, eit heilt nytt språk, i eit hefte. Han gav det ut under pseudonymet «Doktoro Esperanto», som betyr «doktor håpande», og språket blei snart kjent som esperanto, håpets språk.

Men kva håper esperantistar på?

– Fred mellom menneske og at heile verda skal bli knytt saman som ein familie, slår Alexander fast.

Esperantistane ivrar etter å fortelje om fordelane med å ha eit nøytralt språk som ikkje har landegrenser, og dermed ikkje skaper strid eller urettferd. Sjølv om esperanto ikkje har eit fysisk land, har det vakse fram ein eigen esperantokultur i løpet av åra.

– Vi seier at esperanto har eit land, nemleg Esperantujo, som er det vi kallar heile den esperantosnakkande verda, forklarer Henrik.

Nøkkelen til vennskap og andre språk

Esperanto er eit språk som er lett å lære.

– Du kan meistre den grunnleggande grammatikken på ein ettermiddag, meiner Henrik.

Å beherske språket flytande kan ta alt frå ein til fire månader. Dessutan vil kunnskap om esperanto gjere det lettare å lære andre språk.

– Esperanto er veldig sterkt knytt til latin, så sjølv om du ikkje kan språk som spansk, italiensk og fransk, så kjenner du plutseleg mange av orda om du kan esperanto, seier Jacob.

Med hjelp av esperanto kan du reisa gjennom heile verda, fortel Alexander Harestad Kvidbergskår (22). Foto: Privat

Det organiserte esperantomiljøet i Noreg er lite, men svært inkluderande. Dei samarbeider med organisasjonar i andre land og deltar på internasjonale arrangement. Nettopp det å reise og møte nye menneske er ein grunn til at mange lærer seg språket.

Verda rundt med esperanto

– For eksempel har vi noko som heiter Pasporta Servo. Det er ei adressebok som du kan abonnere på, og i denne boka finn du adresser til vertar i heile verda. Du kan komme til dei og bu gratis i byte mot at de snakkar esperanto saman, forklarer Alexander.

Alexander var sjølv vert i sommar.

– I juli hadde eg to studentar frå Paris som gjestar. Dei kom til Oslo og budde hos meg gratis. Eg følte det var veldig verdt det, for då fekk eg møte esperantotalande. Viss du vil, kan du reise gjennom heile verda på denne måten.

Trur på esperanto som eit språk for framtida

Zamenhof skulle nok ha ønska at esperanto var meir utbreidd i dag. Men uansett kor stort eller lite språket er, har esperanto betydd mykje for medlemmane i ungdomsforbundet.

– Esperanto har vore ein gøy måte å møte andre menneske på. I tillegg har språket gitt meg unike opplevingar, seier Jacob.

Han held fram:

– Esperanto kjem til å finnast i framtida. Om det får ein viktig posisjon internasjonalt kan vi ikkje spå, men vi kan håpe.

LES OGSÅ: Språkforskarane i Beforeigners: – Ein gutedraum i oppfylling

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic