Større frådrag til bokmålsbrukarar
Bokmålsbrukarar har rett til større personleg frådrag på inntekta si enn nynorskbrukarar, skal me tru rettleiinga frå skatteetaten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Der står det svart på kvitt at personfrådraget i skatteklasse 1 er på 45.350 kroner i bokmålsutgåva av rettleiinga frå skatteetaten, medan frådraget er 15.000 kroner i nynorskutgåva. I skatteklasse to er skilnaden enno større, 90.700 kroner i bokmålsutgåva mot 30.000 kroner i nynorskversjonen.
Trykkfeil
Det var fire vakne damer på tenestetorget i Aurland kommune som oppdaga det som må kunna kallast ei fadese frå skatteetaten si side.
– Me har i alle fall fått oss ein god latter, seier ei av dei, Anne Berit Borlaug.
– Me går sjølvsagt ut frå at det er ein trykkfeil, men det er rart at ingen har oppdaga det før.
Dei fire fungerer som kontaktpunkt for skatteetaten, slik at innbyggjarane i Aurland kan gå til tenestetorget for å få hjelp og råd når det gjeld sjølvmeldinga.
LES MEIR OM PERSONLEG ØKONOMI HER!
Trykkfeil
Skatteetaten tek sjølvkritikk for nynorskversjonen.
– Det stemmer at det er ein trykkfeil på side 47 i nynorskutgåva av rettleiinga til postane i sjølvmeldinga. Dette beklagar me, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Skattedirektoratet.
Ho opplyser at i rettleiinga på nettsidene, skatteetaten.no, er det opplyst om feilen i den trykte nynorskutgåva.
– Så bokmålsbrukarar får ikkje større frådrag enn dei som nyttar nynorsk?
– Nei, det er ein beklageleg korrekturfeil, svarer Bjerke.