Norske isbrear held fram med å trekkje seg tilbake

Isbreane i Noreg krympar raskt. Styggedalsbreen i Hurrungane har gått tilbake 37 meter frå i fjor haust. Det er det meste på eitt år sidan målingane starta.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Haugabreen i Jostedalsbreen nasjonalpark har vorte målt sidan 2013, og sidan den gongen har breen trekt seg 84 meter tilbake. Frå i fjor til i år er tilbaketrekkinga på fem meter, skriv NRK.

Nigardsbreen, også ein brearm av Jostedalsbreen, har gått tilbake 39 meter frå i fjor. Tilbakegangen i perioden 2001–2011 var på 138 meter, medan tilbakegangen mellom 2011 og 2021 var på heile 480 meter.

Andre brear, som Styggedalsbreen i Hurrungane, har tilsvarande stor tilbakegang. Breen har gått tilbake 37 meter frå i fjor haust – den største årlege endringa sidan målingane starta i 1901.

Bremålingane blir gjort i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Utviklinga i Noreg er i sin tur ledd i ein global trend. Isbrear smeltar og trekkjer seg tilbake over heile verda, frå Arktis til Alpane, Andesfjella, Himalaya og den vestlege delen av Antarktis.


Stasjonsleiar Annika Granebeck måler høgda på toppen den 14 august 2021.
Foto: Erik Schytt Mannerfelt.