Kritikkverdig FN-toppmøte om mat: «Mange spørsmål, få svar»

Julie Rødje
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Torsdag og fredag førre veke fann FNs mattoppmøte (UNFSS) stad, digitalt frå New York. Eigentleg vert det feil å kalle det eit møte, for i realiteten var det ein konferanse som bestod av førehandsinnspelte videosnuttar frå ulike statsleiarar, FN-toppar og internasjonale institusjonar.

Etter siste appell sat menneske, statar og organisasjonar igjen som store spørsmålsteikn. Kva skjer no?

Korleis skal dei store lovorda som er presenterte gjennom tallause talar verte gjorde om til handling som får bukt med svolt, sikrar anstendige arbeidsvilkår og eit matsystem som spelar på lag med miljøet?

Kaotisk og kritikkverdig

Prosessen rundt mattoppmøtet har vore svært kaotisk og uoversikteleg.

Det har vore vanskeleg for alle involverte, frå medlemsland til sivilsamfunn, og især land/menneske med dårlegare internettilgang – dette er særleg kritikkverdig ettersom FN har hevda at dette skulle vere «folkets toppmøte».

Spire-leiar Julie Rødje og nestleiar Cari Anna King følgjer FN-toppmøtet. Foto: Privat

Det einaste som er klokkeklart no er at i arbeidet for å skape berekraftige og rettferdige matsystem, er vi heilt avhengige av at land tek alvoret innover seg og implementerer ein heilskapleg og ambisiøs politikk som gjennomsyrer sektorar som landbruk, internasjonal handel, miljø, utivkling og helse.

Mat er nøkkelen til berekraftsmåla

Er det noko vi kan ta med oss frå mattoppmøtet er det nettopp korleis mat er nøkkelen til alle berekraftsmåla.

Matsystem har vorte eit meir allment omgrep, som viser kor viktig det er å tenke heilskapleg og systematisk på utfordingane knytt til mat.

Verkelegheita for småskala matprodusentar, urfolk som mister retten til land, menneske som lever i svolt grunna konflikt eller miljøkrise, men òg storselskapa sin maktposisjon har vorte svært synlege.

Verken statar, selskap eller organisasjonar kan lenger oversjå realiteten. 

I beste fall naivt

Nettopp difor er gjerne skuffelsen særleg høg når oppfølginga frå FN etter enda møte verkar å vere så svak. 

Det har vorte oppretta ei rekkje koalisjonar og alliansar der ulike aktørar deltek og saman skal gjere ein innsats for å betre matsystem. Mange av desse koalisasjonane vil arbeide for gode tiltak, som sikrar småbønder rett til eigne såfrø eller tiltak for gratis lokalprodusert skulemat.

Samstundes veit vi svært lite om korleis koalisjonane skal verte følgde opp og kor nødvendige økonomiske eller andre ressursar skal kome frå.

Julie Rødje var sivilsamfunnsdelegat for Noreg i det digitale FN-toppmøtet om matsystem. Foto: Privat

Statar og selskap har heller ikkje forplikta seg til å måtte gjennomføre x antal tiltak, eller endre noverande praksis. Når utgangspunktet er eit ekstremt skeivt maktforhold, er det i beste fall naivt å tru at dei mektigaste vil gje frå seg denne makta frivillig.

Ei anna stor utfordring vi ikkje veit om – eller korleis – skal verte løyst, er å sikre at dei ulike koalisjonane og deira mål trekker i same retning og ikkje undergrev kvarandre.

Blant anna har det vorte uttrykt ønske om å opprette koalisjonar som skal arbeide for auka frihandel, men ein annan koalisjon skal styrke landa si sjølvbestemming og mogelegheit til å lukke grensene for eksport og import av matvarer. Desse er i direkte motsetnad til kvarandre.

Eit absolutt minimumskrav til ein FN-leia prosess bør kunne vere at tiltak vert koordinerte og dreg i same, og eigentleg berekraftige og rettferdige, retning.

Mange spørsmål, få svar

Trass i mange spørsmål og få svar frå FN etter eit svært uoversiktleg toppmøte, er viktigheita av matsystem berre aukande.

Noreg har løfta behovet for ein sterkare innsats i kampen mot svolt verda over. Snart får vi ei ny regjering med ein sterk opposisjon.

Vi forventar at dei vil overgå FN både i koordinering, ambisjonar og konkrete tiltak for å omgjere matsystem frå å vere ein drivar til auka ulikskap, svolt og miljøendring til å sikre menneske, mat og miljø.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips @ framtida.no! 


Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn.

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn. Foto frå TikTok