– Ekkelt å tenkja på
Sjølv om boka ikkje er basert på fakta, fann forfattaren ut at ho likevel ikkje var så langt vekke frå røynda.
Forfattaren fortel at noko inspirasjon til boka har ho hentar frå Senja.
– På Senja er det allereie slik at mange hus er ankra fast i bakken, slik at dei ikkje skal blåsa vekk. Det gjekk faktisk òg eit rykte der om at heile øya også er ankra fast. Det er nok ikkje sant, men det er artig å tenkja på.
Ho fortel at ho absolutt har kjent på kjensla av redsel for kva som kjem til å skje med jorda i tida som kjem.
– Eg synest det er ekkelt å tenkja på. I byrjinga var eg veldig redd og greidde ikkje å takla det særleg godt. Men så fann eg ut at eg måtte læra meg å stola på at regjeringa kan vera med på å gjera ei endring.
Ho har også starta å følgja miljøbevisste folk i sosiale medium, og prøver å gjera noko sjølv.
– Og så er det viktig å stola på at dei vaksne jobbar for endring. Eg håpar denne boka kan gi lesarane inspirasjon til å kjempa for jorda.
- Lurer du på kva bøker forfattarane sjølv les? Kik i bokhylla til Trygve Skaug, som skulle ønske han kunne ete carbonara med Halldis Moren Vesaas.