Seks av ti unge får hjelp til sin første bustad
Nytt krav til eigenkapital og stadig høgare prisar gjer at rekordmange, heile 60 prosent, får hjelp av foreldra sine når dei skal kjøpe sin første bustad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Seks av ti får hjelp heimafrå
Det viser tal i ei undersøking frå Sparebank 1, skriv Adresseavisen.
– Det har skjedd ei ganske stor endring dei siste åra. Tidlegare var det sju av ti som klarte seg på eigne bein når dei etablerte seg, seier privatøkonom Endre Jo Reite i Sparebank 1. Hjelpa kjem ofte ved at foreldre tek opp sikkerheit i eigen bustad for at barna skal få lån, medan andre igjen hjelper med pengesummar.
LES OGSÅ: Vil setja fart på bustadbygginga
Reite meiner løysinga kan vere å heve ramma for Boligsparing for ungdom (BSU), slik at fleire ungdommar kan spare seg opp ein større eigenkapital med gunstig rente. Det viser seg også at 20 prosent av alle ferske bustadkjøparar tek opp startlån.
Kva meiner du? Er du uroa for ein klasseskilnad på bustadmarknaden?