Framtida.no søker skribentar og frilansarar
Framtida.no lyser ut etter skribentar og frilansjournalistar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ung og har mykje på hjartet? No kan du skrive for Framtida.no!
Skribent av meiningstekstar
Er du mellom 15 og 25 år og likar å skrive? Framtida.no leitar etter skribentar!
Me er på jakt etter deg som vil skriva gode, meiningsberande tekstar om samfunnet me lever i. Du står fritt til å skriva om ein drøss ulike tema. Har du mange tankar om klimakrisa? Brenn du for psykisk helse? Bryr du deg særleg om skule-politikk? Eller kanskje er det likestilling som står ditt hjarte nærast?
Tydelege meiningar kan vera ein fordel, men minst like viktig er det at du klarar hente inn fakta, drøfta og problematisera saker som opptar unge.
Det er ein fordel at du meistrar nynorsk, som er språket me brukar, men alle tekstar blir korrekturlesne.
Send inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva som engasjerer deg, saman med arbeidsprøvar til redaktør Svein Olav Langåker på svein @ framtida.no
Me oppmodar særleg gutar og personar med minoritetsbakgrunn til å søka.
Om du er nysgjerrig på kva meiningsinnlegg Framtida.no har publisert før, så kan du kike litt i arkivet! Eller du kan sjå på desse døma:
- «Kvar var alle saman i 2008 då Britney prøvde å fortelja alle korleis ho hadde det?»
- Magnus (17): «Kvifor er så få menn feministar?»
- «Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser»
- Legebesøket enda i tårer: «Køddar du med meg? BMI? Verkeleg?»
- «Staten bør anerkjenna alt misbruket og undertrykkinga dei påførte urbefolkninga vår»
Søknadsfrist: snarast og innan 23. september
Frilansjournalist
Me søkjer gode, sjølvstendige journalistar som kan levera gode nettsaker med bilde (og gjerne video) til Framtida.no. Det viktige er at du er flink å sjå kva som er ei god sak og få tak i dei rette kjeldene. I tillegg skriv du godt.
Send inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva som engasjerer deg, saman med arbeidsprøver til redaktør Svein Olav Langåker på svein @ framtida.no
Me ønskjer å spegla heile landet, og ønskjer oss frilansarar i by og bygd i heile Noreg. Me oppmodar særleg gutar og personar med minoritetsbakgrunn til å søka.
Søknadsfrist: snarast og innan 23. september
Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis på nynorsk for unge mellom 14-25 år. Me har som mål å auka og få fram engasjementet til unge – og å styrka nynorsken. Framtida.no har kontor i Oslo og på Stord. Lesartala våre aukar, og sakene og tekstane våre blir stadig oftare sitert i andre media. Kvar månad har Framtida.no 60.000-140.000 brukarar.