«Kvar var alle saman i 2008 då Britney prøvde å fortelja alle korleis ho hadde det?»

Linda Watten
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«I never wanted to become one of those prisoner people. I’ve always wanted to feel free.»

Du skulle kanskje trudd at dette sitatet var henta frå den nye dokumentaren om Britney Spears som alle snakkar om: Framing Britney Spears, men det er det ikkje.

Britney sa dette i 2008, for 13 år sidan, i dokumentarfilmen Britney: For the Record.

39 år og umyndig

Fyrst no ser det ut til at verda har byrja å få opp auga for det som skjer med popdronninga.

Fyrst no ser det ut til at verda, og folk i Noreg, har skjønt at kvinna som herja hitlistene på 90-talet, og som seinare blei kjent for skandale på skandale, faktisk ikkje har det noko greitt. At ho ikkje er eit fritt menneske. At ho ikkje har vore fri på mange, mange år.

Tenk deg å vera 39 år, og ikkje råda eller bestemma over ditt eige liv

Tenk deg å vera 39 år, og ikkje råda eller bestemma over ditt eige liv. Tenk at ho allereie i 2008 prøvde å forklara folk rundt seg, og verda, korleis ho hadde det. Og fyrst no har folk byrja å lytta, blitt interesserte, samt byrja å forstå.

Beskytta Britney, med nebb og klør

Lat meg ta deg med tilbake til 2008. Eg var 14 år og i ekstase fordi mitt store idol gjennom alle mine barndomsår nyleg hadde sleppt albumet Circus. Eg høyrde det på repeat på stereoanlegget på jenterommet heime i Sogn.

Dei siste tre-fire åra hadde livet til Britney vore prega av skandale på skandale. Alle sladderblad i heile verda skreiv om ho, på verst mogleg vis.

I Noreg slukte alle det dei las i Se og Hør, medan eg sjølv las alle utanlandske tabloid og magasin på jakt etter kvart eit lyspunkt eg kunne koma over.

Medan vener og fiendar lo av Britney, og gjorde narr av hennar forfall, så beskytta eg ho med nebb og klør.

Ingen barbering av hovudet, eller innlegging på psykiatrisk klinikk endra mitt syn på idolet mitt. For meg var ho Britney Spears, the one and only – uansett.

Britney: For the record

I 2008 var det mykje som skjedde i livet til Britney. Rundt MTV Video Music Awards inviterte ho eit kamera-crew til å dokumentera 60 dagar av livet hennar kring denne perioden.

Ho hadde eit nytt album, ho vann tre prisar under VMA, ho spelte inn musikkvideoar, og stilte på ulike photoshoots.

Kamera-crewet følgde med og dokumenterte det heile. Mellom slaga snakka ein journalist med Britney om kva som gjekk gale åra i førevegen, og korleis ho hadde det no. Britney var heilt ærleg, men kven lytta? Ingen!

Dette blei til dokumentaren Britney: For the record. Ein dokumentar som hadde som mål å opplysa meg, deg, og heile verda om kva som hadde skjedd, og skjedde i livet til ei av verdas største stjerner.

https://www.youtube.com/watch?v=SAcHaeiYIkM&ab_channel=BritneySpears

Britney anno 2008:

Her siterer eg Britney sjølv i 2008-dokumentaren:

«If I wasn’t under the restrains that I’m under right now, you know, with all the lawyers, and doctors, and people analyzing me everyday and all that kind of stuff. Like if that wasn’t there I’d feel so liberated. I’d feel like myself. I’m kinda stuck in this place and it’s like, how do you deal you know? I just cope and that’s what I do. I just cope with it, everyday.»

Det er like vondt å sjå og høyra Britney seie dette i 2021, som det var i 2008. Og det blir verre:

«And when I tell them the way I feel it’s like they hear me, but they’re really not listening. They’re hearing what they wanna hear, they’re not listening to what I’m telling them. That’s like…that’s bad. Im sad…»

Britney ser ut vindauga medan tårene flommar opp i auga hennar.

I never get my way…ever

Dokumentaren rullar vidare.

Under innspelinga av ein musikkvideo seier ho: «I’m angry. I’m very angry. I’m horrible angry,» medan folka rundt ho ler.

Ho påpeikar at ho smiler fordi ho tykkjer det er morosamt at alle ler av ho, men at ho eigentleg meiner det. Så påpeikar ein mann i rommet at Britney Spears alltid får viljen sin.

«I don’t always get my way,» svarar ho. «I never get my way…ever. It’s weird because with certain things I get my way easy, but things that you wouldn’t but you would think I get my way, I don’t. Like simple things like things I should be able to, like should come naturally, I don’t get it. And those are the things I want the most».

Her seier Britney ordrett til folka rundt seg at ho ikkje får lov til den enklaste ting i livet. Til ting som andre menneske tek for gitt. Og dei ler. Dei tenkjer ho tullar. Men Britney tulla ikkje. Og 13 år seinare er det framleis sånn.

Det Britney ikkje får lov til

Etter at alt gjekk nedover for Britney i løpet av 2005 til 2007 blei far hennar, Jamie Spears, vergen hennar. Det er han som kontrollerer og bestemmer over livet hennar.

Lat meg fortelja deg nokre av tinga Britney (39) ikkje får lov til:

  • Køyra bil.
  • Stemma.
  • Gifta seg.
  • Få born.
  • Bruka sine eigne pengar.
  • Forlata huset sitt.
  • Ha kontroll over karrieren sin.
  • Snakka om det rettspålagde vergemålet i offentlegheita.
  • Gjera intervju utan manus, som òg er godkjent av faren.
  • Bruka mobil eller sosiale medium utan å bli overvakt.
  • Kontakta andre folk utan å bli overvakt.
  • Gå på Starbucks.
  • Gå tur.

Umyndiggjort, men arbeider knallhardt

Eit vergemål er for folk som har ei ekstremt dårleg psykisk og fysisk helse. Ofte gjeld dette gamle folk, eller folk som er demente.

Viss teamet rundt Britney meiner ho er så sjuk, kvifor har ho då jobba heilt ekstremt hardt dei siste 12 åra og tent millionar av kroner? Er det for hennar eige beste?

Britney Spears blir halde fanga av sin eigen far. Sitt eige team. Ho har vore fanga i 14 lange år.

Eller er det fordi teamet rundt Britney, og faren, tenar gode pengar på å halda ho fanga. For det er det bevegelsen #FreeBritney meiner. Dei, eller me, meiner at Britney Spears blir halden fanga av sin eigen far. Sitt eige team. Ho har vore fanga i 14 lange år.

«You know when you go to jail you know that’s the time when you’re gonna get out, you know.»

Kontrollert liv

Britney ser på journalisten i 2008-dokumentaren. Han spør ho om ho tykkjer livet hennar er ute av kontroll.

«No, I don’t feel it’s outta control, I feel it’s too in control. There is no excitment, there is no passion, there is no like…it’s just like groundhog day every day,»  seier ho.

2008-Britney ser ulukkeleg ut vindauga igjen. 

«When you do something wrong you learn from it. You move on, but I’m having to pay for it for a really long time.»

Og no, 13 år seinare, er me framleis der. Britney Spears betalar i dyre dommar for hendingar som skjedde då ho var mykje yngre enn no. Hendingar ein ikkje kan klandra ei barnestjerne som blei verdas største popstjerne for.

Og no byrjar verda å lytta? No byrjar folk å forstå? Kvar var alle saman i 2008 då Britney prøvde å fortelja alle korleis ho hadde det?

Free Britney!

Dette er ikkje nytt. Dette har pågått i altfor mange år. Som blodfan er eg glad for at verda og folk rundt meg no får opp auga for det som skjer, og om eg skal seia det mildt så var det jaggu på tide.

Dette har pågått altfor lenge, og no er det jammen på tide at det skjer noko. Gje Britney Spears tilbake livet ho fortener, og livet eit kvart menneske bør ha rett på. Det skulle vel berre mangla.

Til slutt vil eg berre seia FREE BRITNEY. Med utropsteikn bak.


Har du noko på hjartet? Send inn til: tips @ framtida.no!