Mest vegpengar til Vestlandet
Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er mellom fylka som har fått mest pengar til nye vegar dei siste åtte åra, spesielt i forhold til trafikkgrunnlaget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NHO har fått Oslo Economics til å lage ein rapport som viser kvar regjeringa har brukt mest pengar på riksvegar i perioden 2006 til 2013, og sett dette i forhold til folketal og trafikk. Ifølgje Aftenposten har økonomane kome fram til at særleg Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nordland har fått mykje vegpengar trass i lågt folketal og låg trafikk.
Ikkje uventa konkluderer rapporten med at sentrale strok får for lite av vegpengane etter denne reknemåten.
Avisa konkluderer likevel med at politikarane ikkje har kasta bort pengane. Det meste av investeringane har gått til prosjekt som fjernar ferjer eller tunnelar som bind saman tettstader. På denne måten føre prosjekta på auka trafikk. (©NPK)