Kalvø klar med ny bok og nytt show – om å finne meininga med livet gjennom popmusikken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rett nok revitaliserte han den 19 år gamle utgivinga si «Syden» i sommar, då knapt nokon reiste dit. Men no tek han skriveria i retning musikken, vart det klart då Kagge forlag onsdag la fram boklista i haust.

– Det er eigentleg ikkje nødvendig å seie så mykje, for tittelen er jo sjølvforklarande. Boka heiter «Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie» og er naturlegvis eit forsøk på å forstå vår tid og finne meininga med livet gjennom den popmusikken folk i Noreg har høyrt på dei siste femti åra, seier Kalvø om det nye verket sitt.

Og understrekar at det dreier seg om den popmusikken folk faktisk har høyrt på – og ikkje den dei påstår at dei har høyrt på, noko Are Kalvø meiner er to heilt ulike ting.

Dei skikkeleg populære songane

– Når eg les oppvekstromanar frå den tida eg sjølv vaks opp, då stussar eg alltid over at hovudpersonane gjerne høyrer på sånt som The Smiths. Vi høyrde ikkje på The Smiths. Vi høyrde på T’Pau. Det var omtrent tjue stykke i Noreg som høyrde på The Smiths på åttitalet. Alle har vorte forfattarar, seier han.

Are Kalvø vender seg derimot til «dei skikkeleg populære songane» – altså dei som har toppa VG-lista.

– I dei songane må du finne svar på det store spørsmålet til livet, rett og slett fordi popmusikken er der gjennom heile livet ditt. Frå du er liten, seier Kalvø, som hevdar han har ein venn som, «når han må ta store vanskelege val, alltid spør seg sjølv: Kva ville Beyoncé gjort?”.

Premiereklar med show

Neste veke er det urpremieren på Are Kalvø si nyaste framsyning, der han tek for seg låtane på VG-lista dei siste 50 åra for å seie noko om livet.

«Toppar VG-lista» har urpremiere 19. august på Det Norske Teatret.

Are Kalvø og Julie Støp Husby i «Toppar VG-lista», som har urpremiere 19. august. Are Kalvø tar for seg populærmusikk og livet på både teaterscenen og i bokform denne hausten. Foto: Magnus Skrede.

Om den nye teaterframsyninga heiter det at Are Kalvø tek publikum gjennom 50 år med dei merkelegaste topplasseringane på VG-lista og prøver å seie noko om den tida dei var populære i, om folk flest og om det er noko å hente ut av denne musikalske kunsthistoria.

«For alle som ikkje finn denne musikken interessant eller god, så er det likevel nesten umogleg å ikkje bli påverka. Den blir spelt overalt; på radio, i bryllaup, på festar, i bursdagar, på kafe og restaurantar. Og umerkeleg snik den seg inn i nordmenns undermedvit, i ein så sterk grad at dei kan ta seg i å nynne «Pinne for landet» på veg til jobben», heiter det i pressemeldinga frå teateret – utsend med overskrifta «Finst svaret på livets store gåter hos Freddy Kalas?”.


Are Kalvø. Pressefoto frå Samlaget.