Karakter-jag skaper færre gründerar
Jag etter betre norske resultat på PISA- og TIMSS-målingane kan skada entreprenørskapskrafta i Noreg, åtvarar internasjonalt kjend skuleforskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Karakter-jag kan skada Noreg
Rett før jul kunne kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) jubla over at norske elevar endeleg gjer det betre i både lesing, matematikk og naturfag samanlikna med tidlegare resultat i dei internasjonale undersøkingane TIMSS og PIRLS. Ingen andre land i TIMSS-studien kan visa til så sterk framgang i matematikk som norske 4. klassingar. Høgre peika på at Noreg enno har ein lang veg til toppen.
Den internasjonalt kjende forskaren og forfattaren Yong Zhao viser i den siste boka si ”World Class Learners” ein negativ samanheng mellom gode resultat på Pisa- og Timss-målingane og graden av entreprenørskap. Matte-elevane i Singapore, Sør-Korea og Japan tronar på toppen av Pisa-målingane. Samstundes er landa på botnen av målingane til Global Entrepreneurship Monitor. Land som ikkje gjer det så bra i skuletestane, gjer det derimot bra når det gjeld entreprenørskap.
– Forskinga mi viser at arbeidet med å heva testresultat kan skada entreprenørskap og sjølvtilliten ein treng for å starta bedrifter, seier Yong Zhao til Framtida.no.
LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter
– Treng kunst og musikk
I Noreg har det vore mykje fokus dei siste åra på dårlege resultat i dei internasjonale testane, og korleis ein kan forbetra resultata. Når no norske elevar gjer det betre, treng ikkje det bety at det er gode nyhende for norske arbeidsgjevarar som treng konkurransedyktig arbeidskraft i framtida, ifølgje Yong Zhao.
– Det avheng av korleis resultata er oppnådd. Gode PISA- og TIMSS-resultat tyder ikkje nødvendigvis ein betre arbeidsstyrke. Men viss skulane ofrar alt anna, til dømes kunst, musikk, sport, eller noko anna som gjev eit breitt pensum og ein variert skulekvardag, berre for å få betre resultat på PISA og TIMSS, kan dette faktisk vera dårlege nyhende, seier han til Framtida.no.
LES OGSÅ: Dramatisk læring
Haldningar viktigare enn kunnskapar
Ei undersøking blant alle norske førsteårsstudentar viser at 75 prosent likar matte. Endå fleire enn det igjen meiner at faget er viktig.
LES OGSÅ: Betre haldningar enn kunnskapar
– Er det betre nyhende enn ein auke i Timss- og Pisa-score?
– Ja, dette er mykje betre nyhende. Fordi berre når folk likar å gjera noko, er dei verkeleg engasjert i å læra det, understrekar han.
Vil gje skulane meir fridom
I boka World Class Learners åtvarar Yong Zhao med reformarbeidet som freistar å gje ein felles, einskapleg og standardisert pedagogisk opplegg. Dette meiner han kan vera skadeleg for skulen sitt arbeid med å førebu elevane for framtida.
I USA føregår det no stor debatt om innføringa av felles læreplanar i 44 statar, og Yong Zhao er blant dei som har markert seg som motstandar av dei såkalla Common Core Standards.
– Eg trur skulane bør gjevast så mykje fridom som mogleg for å skapa noko nytt og tilby eit breitt og fleksibelt pensum. For same grunn trur eg borna bør få meir autonomi til å utforska interessene sine og lidenskap. Eg trur ikkje styresmaktene er smarte nok til å føreskriva universelle og standardiserte pedagogiske opplegg for alle born, seier Yong Zhao.
Er det for mykje fokus på testing av elevar? Kva meiner du skal til for at skulen skal leggja betre til rette for framtidas gründerar?
Faktaboks
Sjå samanlikninga som Zhao Yong har gjort mellom testscore i Pisa og graden av entreprenørskapsevne!