Feirar nynorsken med stafett

Nynorskstafetten er Noregs Mållag si markering av Språkåret 2013. Måndag 28. januar tek Nynorskstafetten til i Ørsta og Volda.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskstafetten skal stogge over 140 stader i alle 19 fylke for å feire Ivar Aasen og nynorsk.

– Ivar Aasen skapte nynorsk ved å reise heile Noreg rundt for å samle inn norske ord og dialektar. I språkåret lagar mållag landet rundt ein nasjonal stafett for å feire det norske språket vi kan takke Ivar Aasen for. Nynorskstafetten er eit stort lyft for Noregs Mållag, og vi gler oss til å turnere over heile landet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Opninga blir i Ørsta og Volda og der vil leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, delta. Måndag 28. januar klokka 9 vil tilsette i kommunane Ørsta og Volda, barnehageborn, elevar og studentar syngje den mest kjende songen av Ivar Aasen: Nordmannen, òg kjend som Mellom bakkar og berg.

Nynorskstafetten skal reise heile Noreg rundt med barnehagebesøk, skulebesøk, kulturkveldar, stand, møte med ordførarar, dialektkafe, skiløp, quiz og næringslivsbesøk. Etter å ha vore innom alle fylke , vert Nynorskstafetten avslutta 19. oktober i Bygland på Agder.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

– Lokale mållag organiserer opplegget på kvar plass Nynorskstafetten kjem, så dette er verkeleg ein dugnad av målfolk i heile Noreg, seier Håvard B. Øvregård.