Marielle (13): «Eg skal få lov til å gå med ein magetopp utan å bli kalla «jævla hore»»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Vi jenter har blitt vande med å få skjellsord slengde etter oss. Det har blitt meir og meir vanleg å seie skjellsord som «objekt», «hore», «fitte», «bitch» og «jævla lesbe».
Det er mange jenter som føler seg utsatt for negativ/uønskt merksemd. Alle kommentarane på kropp og utsjånad er med på å halde oss jenter under sosial kontroll.
Det går utover korleis jenter føler om sin eigen kropp.
Tenkjer ikkje så mykje over det
Klassa mi ved Fjell ungdomsskule gjennomførte ei spørjeundersøking om ungdom og språkbruk ved skulen. På undersøkinga svara heile 71,3 % av dei 130 elevane at dei ikkje brydde seg om nokon sa noko upassande. Dette viser kor normalisert det er å seie ulike skjellsord i ungdomskulturen.
Mange av desse orda er retta mot jentene som «hore», «fitte», «bitch», «objekt» og «gå tilbake til kjøkkenet».
Er verkeleg sånne skjellsord blitt normalisert i dagens skulesamfunn?
Bryr du deg viss nokon seier slike ord til deg eller til nokon andre?
Jentene blir som oftast utsett for slike ord fordi gutane som slenger skjellsorda mot oss, unnskylder seg med å seie: «Det er jo eit kompliment!» eller «Det er jo berre kødd!».
Er verkeleg sånne skjellsord blitt normalisert i dagens skulesamfunn?
Mektigare med ein gjeng
Det er mange gutar som føler seg mykje større, mektigare og smartare enn jentene, spesielt når dei er i ein gjeng. Alt det som det handlar om då, er at dei skal verke tøffe og morosame framføre gjengen sin. Ofte så meiner ikkje gutane å seie noko slemt, men dei må gjere absolutt alt dei kan for å «passe inn».
Dei fleste jenter føler seg usikre på seg sjølve fordi dei har blitt slengde stygge kommentarar etter og blitt trampa verbalt på. Det må ikkje nødvendigvis vere gutar som gjer det, men også jenter slenger stygge ord og nedsettande ord til kvarandre.
Eg har også kjend på kroppspress, i nokre periodar gruar ein seg til skulen fordi ein blir påverka av korleis Instagram-modellane ser ut og kor ‘perfekte’ kroppane deira ser ut.
Enten så er det ein gut du liker som har sagt at han føretrekkjer jenter med mykje former, stor rumpe og så vidare, eller så har du kanskje berre samanlikna deg med nokon andre og tenkt at du ikkje ser bra nok ut.
Ungdomstida er den tida ein blir mest blir påverka av kroppspress. Og det er mest på grunn av sosiale medium, men også gjennom blikka og kommentarane til gutane på skulen.
#Egogså
#Metoo er ein grasrotkampanje på sosiale medium som spreidde seg raskt etter at kvinner delte historier om korleis dei blir seksuelt trakasserte eller får uønskt merksemd av gutar.
Kanskje det også er på tide å få metoo-fokuset i skulegarden?
Det er også ei gruppe som støtter kvarandre som har blitt utsett for det same. Det er flest kvinner som er med i denne kampanjen, men også nokon gutar er med for å kjempe for kvinnene. Kanskje det også er på tide å få metoo-fokuset i skulegarden?
Eg finn meg i alle fall ikkje i at andre skal fortelje meg kva eg skal gå med, kva eg må gjere og korleis eg må sjå ut. Og det bør heller ikkje du! Ein måte å endre dette på er ved å stoppe å bruke nedsettande skjellsord om jenter og kvinner.
Eg skal få lov til å gå med eit kort skjørt utan å bli kalla for «slut». Eg skal få lov til å gå med ein magetopp utan å bli kalla «jævla hore».
Og det skal alle andre jenter også.
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!
- Les også intervjuet med Marielle (13): – Det er ekstremt skummelt at det er blitt normalt at gutar snakkar slik til oss jenter